Nytt år
10.01.2012

Ambisjonar for 2012

UiB har store ambisjonar for det nye året. Ein av utfordringane til dei tilsette er å auka publiseringspoenga til eitt poeng per tilsett.

Rektoratet startar året med ein nyttårsappell på sine nettsider. Mellom anna påpeiker rektor Sigmund Grønmo, Berit Rokne, Kuvvet Atakan og Astri Andresen at den viktigaste ressursen for faglig kvalitet i alle fagmiljø er forskingstida til dei vitskapleg tilsette.  Det trengst òg økonomiske ressursar, og rektoratet peiker mellom anna at det er naudsynt med ekstern forskingsfinansiering, og konkurransedyktige fagmiljø.

Les rektoratet si nyttårshelsing her.

Direkte kontakt

Med innlegget vender rektoratet seg direkte til dei tilsette ved universitetet.

 - Rektoratet legg stor vekt på at leiinga av universitetet skal forankrast i fagmiljøa. Vi ser det derfor som fornuftig å venda oss direkte til dei som utfører universitetets primære oppgåver, både for å framheva den store tydinga av innsatsen deira og for å påpeika dei store muligheitene for ytterligare framgangar, seier rektor Sigmund Grønmo til uib.no.

 Det er ikkje siste gongen rektor og rektoratet vil venda seg til lesarar på sine sider.

 - Vi vil i tida framover bruka nettsidene til å få fram viktige bodskap frå rektoratet. Her vil vi jevnlig fortelja om interessante hendingar og presentera informasjon og vurderingar knytta til universitetet si utvikling og utfordringar på ulike område, seier han.

Nye tiltak

I 2012 skal to nye tiltak setjast i verk for å leggja til rette for grunnforsking og frie prosjekt ved UiB sine fagmiljø. Eitt av dei er det nasjonale fellesløftet for fri prsojektstøtte, der forskingsrådet får ei auke av sitt budsjett for frie prosjekt på 100 millionar kroner. Universiteta  set av eit like stort beløp til slike prosjekt, for UiB sin del tyder dette 21 millionar kroner. Den nye ordninga inneber fleire fullfinansierte prosjekt, skriv rektoratet i si nyttårshelsing.

Det andre tiltaket kjem direkte frå UiB,  og legg opp til ei generell driftsstøtte for forsking til kvar faste fulltids vitskapleg tilsette som har minst eitt publiseringspoeng per år dei siste tre åra. Det vert gjeve inntil 20.000 kroner, for å dekkja driftsutgifter til forskning. Tiltaket er inspirert av forslag frå Fagerbergutvalet

- Vi trur at begge tiltaka vil leggja til rette for ei endå betre utnytting av dei tilsette si forskingstid, særlig med tanke på å ivareta vårt særlige ansvar for fri og nysgjerrigheitsdriven grunnforskning, seier rektor.

 Les meir om Fagerbergutvalet her.

Publiseringsframgang

Nyttårsappellen konstaterer ein god framgang i både publiseringar og siteringar. QS-rangeringa plasserer UiB mellom dei hundre fremste universiteta i verda når det gjeld siteringar. I snitt publiserer dei tilsette ved UiB alt no meir enn 0,9 poeng kvar, men rektoratet meiner denne positive trenden kan betrast til minst eitt årleg publiseringspoeng.

- Med tanke på at alle vitskapeleg tilsette skal bruka inntil halvparten av arbeidstida til forsking er ambisjonen om til dømes ein artikkel per år eller ei bok kvart  tredje år ei rimelig forventing og ein realistisk ambisjon for alle, trur Sigmund Grønmo.