STUDENTERSAMFUNNET
08.02.2011

Frank til morgonkaffien

”Det lyttes når Frank Aarebrot snakker”, skriv Studentersamfunnet på sine nettsider. Tysdag vart Studia full då Frank Aarebrot og John Erik Sætren diskuterte opprøret i Egypt.

Frokost med Frank

STØRRE KLØFT MELLOM FATTIGE OG RIKE. – Det er få som får ta del i den...
STØRRE KLØFT MELLOM FATTIGE OG RIKE. – Det er få som får ta del i den økonomiske veksten i Egypt, seier John Erik Sætren (til venstre) under tysdagens frokostmøte med Frank Aarebrot.
Foto: 
Gudrun Sylte

Klokka er ni og kafeen til Studia på Studentsenteret er overfull. Studentar med kvar sin kaffekopp har benka seg langt innover bokreolane. Frank Aarebrot tar mikrofonen:

– Når me snakkar om demonstrasjonane i Egypt, kven er alle desse menneska? Er dei  1, ein reaksjon på dei auka matvareprisane slik det var i Tunis, eller 2, ein genuin demokratisk revolusjon, der Tunis har vore ei bevisstgjering, eller er det 3, ei form for snikislamisering slik Fremskrittspartiet og Siv Jensen hevdar, at det er det Muslimske brorskapet som står bak?

Det er første møte i Studentersamfunnet sin arrangementserie ”Frokost med Frank”, og første gjest hos Frank Aarebrot er John Erik Sætren, førstelektor i arabisk ved UiB. Han kjenner Egypt godt, og har budd i landet i tre år.

– Gnisten kjem frå Tunisia og inspirerer til opprøret. Matvareprisar er ein viktig motivasjon,  og Egypt har ei ung befolkning som ønsker endring, landet har eit ekstremt undertrykkande regime. Det er ei rekke ungdomsorganisasjonar som står bak. Brorskapet har ikkje vore blant dei som står bak, det er ungdom i front som ønsker ei anna framtid, svarer Sætren på Aarebrots første spørsmål.

Kvar tredje tysdag framover vil Aarebrot – professor i samanliknande politikk, for dei som måtte vere i tvil – diskutere aktuelle problemstillingar med ein relevant gjest. Heilt nytt er dette konseptet likevel ikkje. Første gong det vart arrangert var i fjor, då Studentersamfunnet feira 75-årsjubileet sitt. Konseptet kom til etter inspirasjon frå Oslo, der ”Frokost med Bernt” lenge har vore eit populært arrangement. Det fulle namnet til UiO sin Bernt, er Bernt Hagtvet, professor i statsvitenskap. I Bergen fell det naturleg å hente fram Aarebrot, ”Norges mest frittalende professorer”, ifølge Studentersamfunnet.

– Frank Aarebrot kan snakke om alt. Dette er ei fin ramme for å diskutere aktuelle tema. Det er også ein fin måte å starte dagen på, så får ein folk til å komme tidleg på beina, seier Kjetil Kjær Andersland, møteleiar i Studentersamfunnet.

I løpet av ein time har Frank og John Erik diskutert det muslimske brorskapet, forskjellen mellom dei arabiske statane, vestens forhold til den arabiske verda, skilnadane mellom fattig og rik i Egypt og ganske mykje meir. Og då klokka har blitt ti denne tysdagen, set Aarebrot seg i rullestolen og dreg vidare til si faste forelesing eit akademisk kvarter etter ti.