Hjem

Aktuelt

MEDISIN

Millionar til diabetesforsking

Diabetes- og fedmeforsking ved Universitetet i Bergen er tildelt rundt 18 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Forsking på diabetes og fedme ved Universitet i Bergen får dermed ei stor anerkjenning frå Det europeiske forskingsrådet. Professor og barnelege Pål Rasmus Njølstad ved UiB forskar på gener som kan vera assosierte med overvekt og diabetes.  Ved hjelp av  Den norske mor og barn-undersøkelsen vil han gå djupare i forskinga. Undersøkjinga samlar biologisk materiale og spørjeskjemadata frå over 100.000 svangerskap.

Til kamp mot fedme

- Utan løyvinga frå ERC hadde ikkje dette vore mogeleg. Det er svært kostbart å føreta desse undersøkjingane og prøvene i ei så stor studie, det krevjer arbeidskraft og teknologi. Dette gjer at me kan finna nye mekanismar for korleis fedme oppstår. Ein må tidleg koma på banen og forsøkja å motvirka fedmeepidemien, seier ein glad Njølstad til uib.no.

Den svært prestisjetunge løyvinga, eller Advanced Grants, skal støtte leiande etablerte forskarar i verdsklasse. Søknader til Advanced Grants skal ha ei imponerande '10 year track record' og ein veldokumentert leiarskapsprofil.

- Eit kvalitetsstempel

For Njølstad handlar det dermed ikkje berre om pengane.

- Å nå opp i ein slik konkurranse gjev eit kvalitetsstempel, og ein tar steget opp på ein internasjonal arena. Dette er positivt både for UiB og Haukeland universitetssjukehus, men også for heile Noreg, trur han.

Det ligg mykje og hardt arbeid bak søknaden.

- Eg var spent då eg opna e-posten. Det var heilt fantastisk å få stadfestinga, det må vera som å vinna i OL. Eg vil nemna at både UiB, Forskingsadsministrativ  avdeling, fakultetet og instituttet har vore gode støtter i arbeidet, seier Njølstad.

- Det er fantastisk at Pål har lukkast med dette, både han og vi har jobba hardt. Dette er den første ERC-løyvinga til Det medisinsk-odontologiske fakultetet, dette heng høgt, seier Svenn-Åge Dahl, avdelingsdirektør ved Forskningsadministrativ avdeling.

Rektor ved UiB, Sigmund Grønmo, gratulerer også Njølstad.

- Denne tildelinga er viktig og verdifull for heile universitetet, seier han.

Styrker SFF-søknad

Njølstad trur løyvinga frå Det europeiske forskingsrådet kan få ringvirkningar og generera meir pengar til prosjektet.  Forskingsmiljøet hans ynskjer å etablera eit Senter for framifrå forsking (SFF). UiB har for tida fire slike senter, som skal sikra langsiktig, grunnleggjande forsking på høgt internasjonalt nivå og er etablert av Norges forskningsråd.

- Eg håpar ERC-midlene vil styrkja SFF-søknaden vår, avslutter Njølstad.

 

 

ERCs Advanced Grants

ERC støttar forsking innanfor alle fagområde og oppmuntrer til tverrfaglige prosjekt. Søkjarar kan ha alle nasjonaliteter, men skal vera tilknytta ein vertsinstitusjon (universitet eller annan forskningsinstitusjon eller føretak) i EU-land eller EU-assosierte land.
Advanced Grants skal støtta leiande etablerte forskarar i verdsklasse. Det kan normalt søkast om opptil 2,5 mill Euro (3,5 mill under særlige omstendigheter) for inntil 5 år.

 UiB har tidlegare fått ERC-grants fire gongar.

- Fedor Fomin

- Frede Thingstad

- Christopher S. Henshilwood

- Kenneth Hugdahl