Artikkel fra Hubro 2-2011
28.06.2011

Kveita er ein katt

Når kveita jaktar, ligg ho på lur nett som ein katt. Laks og torsk derimot, går i direkte angrep.

– Lenge trudde vi at kveita var dum, at den ikkje kunne lære nokon ting. Men det var jo vi forskarane som var dumme. Vi la ikkje merke til reaksjonen.

Det fortel Anders Fernø, professor i akvatisk åtferdsøkologi ved UiB.

Ein kald novemberdag drar Hubro saman med Fernø til Havforskingsinstituttet sitt forskingslaboratorium i Matredal. I den nye miljøhallen sym 1200 laks rundt og rundt fordelt i seks kar. Svoltne laksar er sett på skulebenken, no i første omgang skal dei lære at når lampa over karet byrjar å blinke, kjem det mat.

Dei siste åras forsking på fiskeåtferd hos laks, kveite og torsk, har ført til at Fernø saman med Jonatan Nilsson og andre bergenske forskarar frå UiB og HI har oppdatert kapitlet om rekkjevidda av fisken sine læringsevner i akvakultur, havbeite og fiskeri i læreboka Fish Cognition and Behavior, som blir utgjeven på ny i september i år. 

Forventing om mat

I Matredal møter vi dei to unge forskarane Ole Folkedal og Jonatan Nilsson, begge postdoktorar ved Havforskingsinstituttet. I Miljøhallen har Ole Folkedal sitt forskingsprosjekt gåande i det nye tilbygget til Havforskingsinstituttet innerst i Masfjorden.

På kontrollrommet utanfor Miljøhallen kan Folkedal overvake det som føregår i tankane. Kamera filmar aktiviteten i tankane, gjennom eit dataprogram kan han styre mellom anna temperatur, lys og fôrmengde.

Klokka er eit par minutt før elleve. Det er ro i tankane, laksen står jamt fordelt i vasstraumen. Klokka blir heil, og lyspæra ved fôringspunktet byrjar å blinke i faste intervall. Eit sekund på, to av. Fisken kvepper til med det same. Etter eit halvt minutt blinking ploppar fôret ned i tankane. Og etter to vekers opplæring på denne måten, vil laksen lære seg at lysblink betyr mat og stille seg i matkø ved lyset.

– Det går to veker før me er sikre på at dei forstår, seier Folkedal.

Denne novemberdagen har fisken enno ikkje heilt vant seg til blinkinga. Lyssignalet er framleis oppfatta som noko skremmande. Men når laksane har gått gjennom læringsprosessen er frykta for lyset snudd til ei positiv forventing om mat. Dei vert habituerte til lyssignalet, og lærer at lyssignalet tyder mat. Det er dette fiskeforskarane kallar forventingsåtferd.

Laksen svarar

Anders Fernø minner om at både menneske og dyr har ein motivasjon for å få dekka sine naturlege behov, som ernæring og tryggleik.

– Eit dyr som er redd, stressa eller ikkje har det bra, har ikkje matlyst, det går ikkje til matskåla, forklarar Fernø.

Med denne bakgrunnen kan forventingsåtferda vise kor stor motivasjon fisken har til å ete og fortelje oss noko om fiskens velferd. Dersom Folkedal til dømes køyrer temperaturen i vatnet opp eller ned, vil det stresse fisken. Kor stressa dei er kan vurderast ut frå reaksjonen og prioriteringa til fisken, i kor stor grad dei stiller seg i matkø eller ei.

I doktorgradsarbeidet jobba Folkedal med ein metode der han i forsøk brukte denne kunnskapen om forventingsåtferd som ein måte å stille laksen eit spørsmål på, for så å måle i kor stor grad fisken stima til fôringspunktet. Tradisjonelt har ein brukt måling av fysiologiske reaksjonar, som mengde stresshormon i blodet og liknande, for å kunne seie noko om fiskens stressnivå. Men den nye metoden er mindre krevjande, meir praktisk og gir ei meir direkte tilbakemelding.

Den subtile kveita

Forsøka med å lære fisken opp til å forbinde lyssignal med mat, har pågått ei stund. For to år sidan avslutta Jonatan Nilsson sitt doktorgradsprosjekt, eit prosjekt som viste at kveita har ein heilt annan jaktstrategi enn laks og torsk.

Som med torsk og laks, venta forskarane seg at kveita skulle stime bort til lyset og fôringspunktet, for å vente på mat. Men kveita berre låg der på botnen av karet, sjølv med gjentekne lysblink. Dei reagerte først då fôret vart sluppen i karet. Først tolka forskarane dette som ingen reaksjon, at kveita ikkje kunne lære seg å kople lysblink med fôr.  

– Tilfeldigvis oppdaga me at kveita reagerte likevel. Då me kjørte videoopptaka i høg fart, såg me at kveita reagerte, men det var berre ørsmå reaksjonar. Me hadde sett etter andre reaksjonsformer, men kveita er ein predator som jaktar i bakhaldsangrep. Då stimar ho ikkje fram mot matingsplassen, forklarar Nilsson.

Nilsson samanlikna torsk og kveite i forsøka sine. Begge fiskeartane kunne lære seg å kople lysblink med mat, til og med med to minuttars opphald mellom lysblink og fôring. Torsken stima til fôringspunktet og venta her til det kom mat, medan kveita førebudde seg på matfest på sin meir subtile måte.

Passeleg med utfordringar

Etter kvart som kunnskapen om fiskens sosiale liv og kjensleliv utviklar seg, gjer også dei etiske krava for fiskevelferd seg gjeldande. I oppdrettsnæringa har fiskevelferd også ei praktisk side. Ein fisk som opplever god velferd, vil både vekse og takle utfordringar best mogleg.

Det er ein del faktorar som kan stresse fisken i oppdrettsnæringa, til dømes brå miljøendringar i form av endra temperatur. I motsetnad til fisk i naturen kan ikkje fisken i merdane rømme frå høg temperatur eller låge nivå av oksygen, men er tvungen til å handtere situasjonen gjennom fysiologiske og åtferdsmessige justeringar. I tillegg vil fisk i oppdrettsanlegg møte utfordringar ved å bli handtert ved transport og vaksinering, samt oppleve ei brå endring frå eit liv i kar til store merdar der andre vilkår gjeld.

– Samstundes må laksen ha eit par utfordringar for å trivast i kvardagen. God fiskevelferd vil seie passeleg med utfordringar, men ikkje for mykje, seier Anders Fernø.

Artikkelen er hentet fra UiBs forskningsmagasin Hubro. Her kan du lese magasinet på nett, og abonnere gratis.