Nyhet
05.09.2011

UiB klatrar på ranking

Sidan 2005 har Universitetet i Bergen stige 199 plassar på QS-rangeringa av verdas beste universitet.

QS-ranking

UiB har stege 199 plassar på QS-rangeringa på seks år.
UiB har stege 199 plassar på QS-rangeringa på seks år.

Frå 2010 til 2011 har UiB stige frå 133. til 121. plass på the QS World University Rankings. Ved hjelp av ein eigen metodikk rangerer QS dei beste universiteta i verda.

Sidan 2005 har UiB gått frå 320. til 121. plass på rangeringa, det vil seia 199 plassar.

Takkar studentar og tilsette

Rektor Sigmund Grønmo er ikkje uventa glad for plasseringa og framgangen.

- Rangeringa vurderer særleg internasjonalt omdømme og fagleg kvalitet. Dette er svært interessant for oss, sidan UiB har ein ambisjon om å utvikla oss som eit internasjonalt anerkjent universitet. Det er dei tilsette og studentane ved UiB som skal takkast og berømmast for plasseringa me får, seier Grønmo.

Ein av UiB sine hovudsatsingar er å utvikla universitetet som eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet.

- Rangeringa er ein klar indikasjon på at den viktigaste målsetninga vår er vellukka, det same gjeld satsinga på å prioritera kvalitet, seier Grønmo.

Internasjonalt anerkjent

Han trur den høge rangeringa vil tyda mykje både for universitetet og regionen.

- Universitetet vert meir anerkjent på internasjonalt plan, og me vert i endå større grad interessante for gode fagfolk. Slik vidareutviklar me eit internasjonalt miljø, som vert meir og meir verdifullt for samfunnet vårt, for Bergen og for Vestlandet.

Grønmo trur plasseringa kan brukast til profilering av UiB, men vil likevel understreka at det ikkje vert tatt spesielle strategiske grep for å klatra på rangeringar.

- Gode plasseringar på rangeringar er ein indikasjon på at vala me tar er rette, seier han.

I løpet av hausten vert også rangeringa frå Times Higher Education si liste over toppuniversitet lagt fram. I 2010 vart UiB rangert på 135. plass, med andre ord ganske likt som i QS si rangering på 133.

 

QS-rangeringa

QS si rangering av dei beste universiteta er basert på ein kompleks metodikk, men tar i hovudsak utgangspunkt i seks indikatorar:

Omdømme mellom vitskaplege tilsette (40%)
Omdømme mellom arbeidsgjevarar (10%)
Siteringar per vitskapleg tilsett (20%)
Internasjonal andel av vitskapleg tilsette (5%),
Internasjonal andel av studentar (5%)
Vitskapeleg tilsette per student (20%)

Kjelde: QS World University Rankings