Christiekonferansen 2012
26.04.2012

- Konferanse med nerve

Christiekonferansen både utfordrer og konfronterer, meiner utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Jonas Gahr Støre

Utanriksminister Jonas Gahr Støre gjesta Christiekonferansen 2012.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre gjesta Christiekonferansen 2012.
Foto: 
Paul S. Amundsen

Utanriksministeren haldt det avsluttande innlegget på Christiekonferansen onsdag. I innlegget sitt påpeikte han mellom anna at ei rettvis fordeling av kunnskap er ei av dei viktigaste utfordringane våre i dag.

Christiekonferansen skal vera ein møteplass mellom akademia og samfunnet, og tok i år opp kva rolle universitetet kan spela i møta utfordringar som klimaendringar, fattigdom og folkevekst. Gahr Støre meiner konferansen lukkast som møteplass.

- Konferansen har samla folk som representerer svært forskjellige sektorar i denne delen av landet om ein felles dagsorden. Slike konferansar kan ikkje verta hallelujakonferansar, dei må også ha ei nerve, noko som konfronterer og utfordrar. Mitt inntrykk er at Christiekonferansen har nettopp det, sa Gahr Støre til uib.no etter innlegget sitt.

Sigmund Grønmo, rektor ved UiB, både opna og avslutta konferansen. I sine avskjedsord spøkte han om at Christiekonferansen skal vera så viktig at dei som ikkje var til stades får eit forklaringsproblem. Dagen etter er rektor nøgd med både avvikling og innhaldet i konferansen.

- Eg tykkjer at Christiekonferansen har stadfesta stillinga si på svært kort tid med tanke på å vera den viktigaste arenaen for dialog mellom universitetet og samfunnet omkring, seier han til uib.no.  

Konferansen baud på innlegg og paneldebattar, og Studentersamfunnet vann årets Christiepris.

Klikk her for å sjå kva deltakarar og andre skreiv om konferansen på Twitter.

Her kan du sjå bilete frå Christiekonferansen.

Sjå alle videoane som vart presentert på konferansen her.