Hjem

Aktuelt

Norsk dokumentarv

Unike arkiv frå UiB

Tre arkiv frå UiB sine samlingar er tekne inn i registeret over Noregs dokumentarv, eit nasjonalt register som skal ta vare på og synleggjera unik og uerstatteleg dokumentarv.

Tromholt

Sophus Tromholt var ein av dei første som dokumenterte samisk folk og kultur.
Sophus Tromholt var ein av dei første som dokumenterte samisk folk og kultur.
Foto:
Sophus Tromholt

Noreg har etablert eit nasjonalt Memory of the World-register. Registeret skal ta vare på og synliggjera unik og uerstatteleg dokumentarv. Den norske dokumentarva vart lansert onsdag 8. februar av Kulturrådet.

Tre av desse unike arkiva finn ein ved Universitetet i Bergen og Universitetsbiblioteket sine spesialsamlingar. 71 samlingar er nominerte, og UiB fekk tilslag på alle sine tre.

To av arkiva er fotoarkiv: nordlysforskar Sophus Tromholt sine portrett av samar samt fotopioneren Knud Knudsen si store samling. Det tredje er Nordlandsfartsarkiva i Bergen.

Det er stilt krav til dokumenta som vert innskrivne i Noregs dokumentarv: dei skal vera unike og uerstattelege, eller gi unik dokumentasjon frå si samtid. I kriteria er det også lagt vekt på å gjere vurderingar i forhold til tid – stad – menneske – emne og tema – form og stil samt kulturell, åndeleg og religiøs verdi, skriv Kulturrådet på sine nettsider.

- Dette viser at me sit på eit materiale med stor verdi, seier universitetsbibliotekar Bjørn Eivind Bagge til uib.no. Han arbeider særskilt med spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket.

Sjå heile lista over Noregs dokumentarv her.

Eit internasjonalt register over verdifull dokumentarv har eksistert i mange år. Fire norske bidrag er i dag inne i det internasjonale registeret. Det er filmmateriell fra Roald Amundsen sin ekspedisjon til Sydpolen, Lepraarkiva i Bergen, originalmanuskripta til Et dukkehjem av Henrik Ibsen og Thor Heyerdahl sitt arkiv.

- Luktar fisk og pengar

Nordhordlandsarkiva er samansett av 90 hyllemeter med viktig historisk materiale knytta til ”handelsstuene” på Bryggen i Bergen. Materialet spenner frå hanseatiske 1500-talsprotokollar via store seriar frå bergenske handelshus på 17- og 1800-talet til forskingsmanuskript og materiale om Bryggen frå tidleg 1900-tal.

Arkiva viser kor viktig Bergen har vore for eksport av fisk til gjennom tidene og er såleis eit viktig økonomisk-historisk materiale.

- Arkiva luktar fisk og pengar. Materialet gjev ein god illustrasjon av ei utviklingsline over mange år. Det er unikt, eg trur ikkje det finst noko liknande, seier Bagge.

Unik kulturdokumentasjon

Sophus Tromholt si samling av bilete er ikkje stor, men er likevel viktig. Tromholt sin plan var i utgangspunktet å ta bilete av nordlyset i Kautokeino. Fotoutstyret hans strakk derimot ikkje til, og bileta vart ikkje gode. Amatørfotografen Tromholt byrja difor å dokumentera den samiske kulturen og folket i Kautokeino.

- Han tok karakterportrett og registrerte dei han tok bilete av med fullt namn. Det var noko heilt nytt og tyder mykje for den tidlege dokumentasjonen av samisk folk og kultur. Samlinga i vårt eige er på kring 200 bilete, og er altså ikkje stor, men svært viktig, seier Solveig Greve, førstebibliotekar ved Bildesamlingene ved UiB.

Ein fotopioner

Det tredje arkivet frå UiB som er oppnemnt som ein del av den norske dokumentarva er Knud Knudsen si store samling av bilete frå heile Noreg mellom 1862 og 1900. Arkivet er nesten fullstendig og inneheld by- og landskapsprospekt frå heile Noreg og svært tidleg arbeidslivsdokumentasjon frå Vestlandet. Dermed har arkivet ein høg kulturhistorisk verdi.

13 500 glassnegativ og undt 20.000 originale papirbilete på albuminpapir er lagra i samlingane. Dei skada negativa vert digitalt rekonstruerte, eit stort arbeid som tek lang tid. Samlinga er også tilgjengelig i ein søkbar database.

Søk i Knud Knudsen sitt arkiv her.

Samlinga har også ein fotohistorisk verdi. 4000 negativer fra 1862 til ca. 1882 er av den eldste typen våtplatenegativ, ein prosess der fotografen måtte preparera og framkalla glassnegativa i felten.

- Det er ingen andre samlingar som har ei så stor samling av våtnegativ som oss, seier Greve.

Stort forskingspotensiale

Greve er glad for at dei tre samlingane har kome inn i den nasjonale dokumentarva.

- Det er ei anerkjenning av samlingane våre, seier ho.

I prinsippet er alle arkiva tilgjengelige for dei som ynskjer å sjå eller bruka dei. Noko er digitalisert, anna må ein låna og sjå på på lesesalen.

- Me ynskjer at fleire skal bruka materialet. Det er eit stort forskingspotensiale i samlingane, seier Bagge.