22. juli-rettssaken
28.02.2012

Ingen fasit for Utøya-reaksjonar

Det finst inga oppskrift på korleis dei som opplevde Utøya-massakren vil reagera. Ein bør formidla håp og oppmuntring til dei som vart ramma, meiner UiB-forskar.

Den blå steinen

Den blå steinen fungerte som ein stad der bergensarane sorg og medkjensle...
Den blå steinen fungerte som ein stad der bergensarane sorg og medkjensle etter 22. juli.
Foto: 
Walter Wehus

- Traumer har svært mange ansikt og er forårsaka av svært mange ulike ting. Som forskarar er vi opptekne av å dela opp hendingar i ulike kategoriar av alvorsgrad som igjen kan føra til ulike typar reaksjonar. Slik får vi meir kunnskap om ulike sårbarheiter ein som psykolog bør vera merksam på, seier psykologspesialist Anne Marita Milde til uib.no. 

UiB har lagt fram ei liste over aktuelle forskarar i samband med 22. juli-hendingane. Milde er ein av dei aktuelle forskarane. Forskarane er gruppert i kategoriane juss, mediedekning og retorikk, psykologi, samt politikk, ideologi og samfunn.

Vil skapa håp

Sjølv om det er store skilnadar i korleis dei som var ramma etter 22. juli reagerer og tenkjer, er det noko som er felles for alle, meiner Milde. Dei kjem til å koma seg gjennom det.

- Somme vil nok trenga tiltak og støtte i ei lengre tid framover, men det vil og hjelpa dei og hindra negativ utvikling. Det som hende på Utøya vert truleg eit vendepunkt i livet til dei som var der, dei må ta med seg det grusomme, men også innsjå at hendinga kan vere med på å endre livspersperspektivet og kanskje påverke måten ein verdset vener og familie og kva som er viktige element i livet. Vi som fagpersonar har eit ansvar for å nyansera biletet og gi håp og oppmuntring, og ikkje berre snakka om sorg. Det er ungdom med eit langt liv framfor seg vi snakkar om, seier Milde.

Kartlegg opplevingar

Milde er spesialist på korleis livsbelastningar påverkar kropp og sinn og er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen. I tillegg jobbar ho ved Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging Vest (RVTS Vest).  Etter 22. juli har ho mellom anna vore ei av fleire involverte som kartlegg opplevingar og reaksjonar hos dei som var på Utøya samt deira pårørande. Dette er ein pågåande studie i regi av Nasjonalt Kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS).

 - Vi får auka kunnskap om korleis det går med dei involverte og det å vera deltagar kan og dekka eit behov for å forstå eigne reaksjonar på ein betre måte, og ikkje minst korleis dei har handtert hendinga og tida etterpå, seier Milde, som understrekar at alle som har behov for ekstra oppfølgjing og behandling skal ha fått tilbod om dette i sine respektive kommunar.

Kartleggjinga består av eit intervju samt eit breitt spekter av spørsmål, som omhandlar tankar, kjensler og reaksjonar, og skal blant anna utvikle kunnskap om forhold som kan medverke til at ofre etter katastrofer kan bli handsame på best mogeleg vis. Det er viktig at vi får auka kunnskap om og norske forhold, det fins etter kvart mykje internasjonal forsking på traumereaksjoner og etterverkander.  

Ingen fasit

- Korleis artar slike reaksjonar seg?

- Det er ingen fasit på etterreaksjonar og korleis ein kjem seg gjennom slikt, men vi seier ofte at det er normale reaksjonar på ein unormal situasjon. Frå eit faglig utgangspunkt skil me likevel mellom akutte stresslidingar, som skal gå over og normaliserast etter fire veker, medan somme får vedvarande stressreaksjonar eller posttraumatiske stresslidingar, og ein må då setja inn individuelt tilpassa tiltak og behandling.

Vedvarande stressreaksjonar kan mellom anna manifestera seg i isolasjon og depresjon, fortel Milde, men understreker at det er mange måtar å reagera på.

- Det er eit stort spekter av handlingar, tankar og reaksjonar som er normalt etter ei slik hending. Mange må nok ta høgde for at ein ikkje fungerer heilt som vanleg i ein periode. Somme vil trenga meir tid og oppfølgjing, og små tilretteleggjingar frå til dømes skule og arbeidsgjevar kan ha positiv innverknad, blant anna større aksept for fråver som ein ikkje treng dokumentera.  

Rettsaka skapar reaksjonar

Den 16. april startar rettssaken mot Anders Behring Breivik. Milde meiner dei som var på Utøya og dei pårørande kan reagera på rettssaka på mange måtar.  

- Også her er det mange fasettar og svært individuelt korleis ein vil oppleva det. Somme kan oppleva det som urettferdig at han (Anders Behring Breivik, journ. anm) skal få så stor merksemd. Nokon vil nok skjerma seg frå å lesa eller høyra om dette. Andre har eit stort behov for å få med seg alt.

Ho meiner det kan verta for mykje å ta inn under og før rettsaka, og at det kan vera lurt å begrensa kor mykje tid ein viar til å følgja med. 

- Det kan kanskje vera lurt å tenkja ”Frå klokka fem til seks skal eg få med meg alt. Så skal eg leva livet mitt.” For somme kan dei vonde kjenslene verta trigga igjen og igjen av å få høyra om dette. Ein bør spørja seg sjølv kva ein klarer å handtera, og vaksne pårørande bør kanskje vera ekstra merksame og setja klåre grenser,  spesielt for dei yngste involverte, seier Milde.