Fra arkivet
10.10.2011

Nansen som nevrobiolog

Før Fridtjof Nansen vart Grønlandsfarar, diplomat og humanitær pioner jobba han på museum i Bergen og forska på nervesystemet til slimålen. 10. oktober feirar vi fødselsdagen hans.

TEKST: Åsne Hagen

Då Fridtjof Nansen døydde i 1930, hadde han utretta ei mengd bragder på vidt forskjellige område. Han hjelpte flyktningar, drog på ekspedisjonar og involverte seg i diplomatiet. Færre veit at Nansen stod for viktig nevrobiologisk forsking dei fem åra han budde i Bergen.

– I ettertid er Nansen omtala som ein av nevronteoriens forfedrar på bakgrunn av doktorarbeidet hans, seier Karen B. Helle, professor emeritus knytt til Institutt for biomedisin ved UiB.

Museum og mikroskop

Nansen vart fødd i Kristiania i 1861, tok eksamen artium i 1881 og kom til Bergen året etter. Sjølv om han var dregen mot kjemi og fysikk, valde han i staden å studere zoologi, då han meinte det lét seg kombinere med friluftsliv.

Då andrekonservatoren ved Bergen Museum sa opp stillinga si, var museumsstyrar Daniel C. Danielssen i beit for kvalifiserte søkjarar. Framfor telegrafbodet, farmasøyten og tollkasseraren det elles stod mellom, valde han Fridtjof Nansen. Same haust tok Nansen fatt på arbeidet som annankonservator ved Bergen Museum. Her vart han snart del av eit lite, men aktivt fagmiljø leia av lepralegen og zoologen Danielssen.

–Forskingsmiljøet elles bestod av kirurgen Johan Koren, Gerhard Armauer Hansen som oppdaga leprabasillen, og dei utanlandske zoologane som gjesta museet, fortel Karen Helle. Det var zoologen Olav S. Jensen, forgjengaren i konservatorjobben, som ga Nansen den første opplæringa i mikroskopering.

Eiga forsking

J. K. Jansen skriv at Nansen hadde med seg siste skrik innan mikroskop då han byrja i jobben. Det nyaste vedunderet til Zeiss var kjøpt for ei pengegåve frå faren. Snart kom det til nytte i forskinga som Nansen dreiv på eiga hand parallelt med museumsarbeidet.

Nansen vart tidlig interessert i nervesystemet si organisering, og studerte korleis systema var bygd opp hos lågareståande organismar frå havet. Blant forskingsobjekta var det primitive virveldyret slimål, og virvellause dyr som flatormar, blautdyr og krepsdyr.

–I løpet av åra i Bergen lærte Nansen seg metodane for nevrohistologi. Denne kunnskapen vart avgjerande for at han kunne vise dei klåre avgrensingane mellom nervecellene sine utløparar, seier Karen Helle.

Studietur for medaljen

Som 24-åring drog Nansen på studietur til universitetsmiljø i Tyskland og Italia, mellom anna for å lære seg Golgi sin teknikk for sølvfarging av nerveceller. For å få reisepengar veksla han inn gullmedaljen han fekk som utmerking for det første publiserte forskingsarbeidet sitt, trykt i årsmeldinga til Bergen Museum.

Nansen elska forskinga, sjølv om det ikkje var den han fekk løn for. I eit brev til faren skreiv han: “Skal det knibe kan jeg med den største tålmodighet finde meg i de tarveligste kår, især vis det gjelder mit studium, der er min lyst og for hvilket jeg så gjerne ofrer alt annet av livets fornødenheder.”

Viktig for nevronteorien

Nansen gjekk inn i den nevrobiologiske forskinga i ei tid der feltet var prega av sterk fagleg usemje. Den vanligaste oppfattinga på midten av 1800-talet var at nervecellene med sine utløparar danna eit retikulum – eit samanhengande flettverk som sende signal frå sanseapparatet ut i kroppen. Ei lita gruppe forskarar hevda tvert imot at nervenettverket var bygd opp av einskilde celler, og at signala vart sende frå celle til celle.

I striden mellom retikularteorien og nevrondoktrinen plasserte Nansen seg i den siste leiren. Han vidareutvikla Golgi-metoden for å farge nervane frå dyr med høgt saltinnhald. Snart slo han fast at nerveutløparane ikkje hang saman, i motsetnad til kva retikularskulen forfekta.

Nansen publiserte tre artiklar med foreløpige observasjonar fram til han forlét Bergen i 1887. Den samanfattande avhandlinga fekk namnet The Structure and Combination of the Histological Elements of the Central Nervous System. J. K. Jansen skriv at Nansen i avhandlinga si viste ei nærast intuitiv forståing av hovudpunkta i nevrondoktrinen, som på den tida enno ikkje var formulert.

Sveitt disputas og polarfeber

Fagmiljøet i Kristiania vart ikkje overtydd om at Nansen hadde noko å fare med. Ved doktorgradsdisputasen der fekk Nansen mykje motbør frå opponentane, som ikkje forsto seg på det originale i avhandlinga. Det vart òg sagt at dei ikkje venta å sjå han att etter Grønlandsferda.

Sjølv lét Nansen seg oppsluke av polareventyret. Før han byrja ved museet hadde han vitja Ishavet på ein fire månader lang tur med ei selfangstskute. No vart han på ny innhenta av polarfeberen.  

– Heilt sidan turen til austkysten av Grønland sommaren 1882 hadde Nansen arbeidd  med planane om å krysse Grønland på ski. Etter Grønlandsferda i 1888-89 og FRAM-ekspedisjonen til Nordpolen vende han aldri attende til nerveforskinga, fortel Karen Helle. Bidraga som Nansen ga til nevrobiologien gjekk i gløymeboka for lang tid, og skulle først få aksept mange tiår seinare.

Professor og høgkommissær

Tilbake i Kristiania vart Nansen førstekonservator ved Universitetets Zoologiske Museum. Etter polferda vart han utnemnd til professor i zoologi, ei stilling som i 1908 vart omgjort til eit professorat i oseanografi.

Nansen hadde som vanleg fleire jern i elden. I samband med unionsoppløysinga i 1905  vart han vald til Noregs sendemann i London. I 1921 vart han historias første høgkommissær for flyktningar. Året etter fekk han Nobels Fredspris på grunn av den humanitære innsatsen han hadde gjort for flyktningane etter første verdskrigen.

Den språkmektige Nansen nytta både engelsk, tysk og fransk. Kunstnarleg var han òg. Mellom anna rissa han sirlege illustrasjonar til avhandlinga si, og teikna frå polarekspedisjonane. Han skreiv fleire bøker, både reiseskildringar og vitskaplege verk.

Supermann eller produkt av tida?

Ein kan saktens spørje korleis Nansen kunne gjere det så bra på alle desse områda. Han var nok eit multitalent med evner og arbeidskapasitet utover det vanlege, men noko av svaret finn me òg i tida. Sjølv om Nansen berre hadde eksamen i dei førebuande prøvene då han vart tilsett ved museet, fekk han vise kva han var god for gjennom arbeidet med avhandlinga.

“I vår tid er ein tilsvarande innsats rett og slett ikkje mogleg,” skriv Karen B. Helle i ein artikkel frå Naturen. Ho peiker på at planlegginga og styringa av forsking er blitt så byråkratisert at me ikkje lenger kan sjå for oss eit like originalt og sjølvstendig bidrag som avhandlinga til Nansen frå ein 25-åring utan rettleiar. Nansen mangla formell eksamen i zoologi, og måtte difor avleggje ei særs omfattande doktorgradsprøve.

Dei banebrytande observasjonane frå Nansen vart ikkje nemnde då Nobelprisen i medisin for 1906 vart delt mellom Cajal og Golgi. Den endelege sigeren for nevronteorien kom først på 1950-talet, då han vart stadfesta ved hjelp av elektronmikroskopet. Etter kvart fann òg vitskapshistorikarane fram til Nansen si gløymde forsking. I nyare tid har fleire fått auga opp for grunnlagsarbeidet som Nansen gjorde.

Kunnskap frå laboratoriet 

På det medisinske og naturvitskaplege domenet var arbeid i laboratoriet eit viktig kjenneteikn ved epoken Nansen var aktiv i.

–Spesialiseringa som starta på 1800-talet vart svært omfattande mot slutten av hundreåret og vidare på 1900-tallet, fortel Astri Andresen. Ho er professor i historie ved UiB med helse- og medisinhistorie som spesialområde.

–Det vart etablert ei oppfatting av at laboratoriet var “staden” der ny kunnskap vart frambrakt, særleg ved hjelp av mikroskopet, viviseksjonen og kjemien, seier Andresen.

–Laboratoriet produserte ein særeigen form for kunnskap, og understreka på mange vis også vitskapen sin eksklusivitet.

 

FAKTA: Viktige hendingar i nevrobiologien

  • 1830-åra: Dei første preparata av nerveceller vart skildra av Purkinje
  • 1850-åra: Helmholtz målte hastigheita for signalforplanting i perifere nervar
  • 1860-åra: Betra mikroskopiske teknikkar lét Deiters skildre nervecellene meir presist
  • 1890-åra: Ny forsking frå Cajal styrka nevrondoktrinen framfor retikularteorien 
  • 1950-åra: Nevrondoktrinen vart stadfesta

Kjelder:

J. K. Jansen: “Merkesteiner i norsk medisin” Tidsskrift for Den norske lægeforening, 2001, nr. 2
Karen B. Helle: “Fridtjof Nansen – zoologistudent og forskerrekrutt i Bergen” Naturen,  1987, nr. 6, s. 208-212

Først publisert i Hubro nr. 2 2009.