Statsbudsjettet 2012
06.10.2011

Museumsprosjektet markert i statsbudsjettet

Statsbudsjettet framhevar at sørfløyen ved Universitetsmuseet skal renoverast før resten av bygninga. Dette stadfestar at aulaen skal vera open til jubileumsåret 2014.

Framlegget til statsbudsjett nemner eksplisitt at Statsbygg planlegg renovering av Universitetsmuseet. Renoveringa er delt i to fasar, slik at sørfløyen kan renoverast før resten av bygningen.  Aulaen skal stå klar til markeringa av grunnlovsjubileet i 2014.

Det er viktig at Universitetsmuseet vert nemnd i statsbudsjettet, meiner rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo.

- Dette peikar fram mot det reviderte nasjonalbudsjettet som kjem til våren. Då forventar me startløyvingane til hovudprojektet med aulaen, seier han.

Sørfløyen i Det naturhistoriske museum er planlagt omgjort til ein aula. Rehabiliteringa av Universitetsmuseet skal framheva dei antikvariske kvalitetane i bygget og visa den historiske tydinga og unike vitskapelige og museale rolle bygget speler i Bergen, på Vestlandet og i Norge. Samstundes skal bygget vera ei bru mot ny vitskap og moderne museale uttrykk.