Forskingsdagane 2011
21.09.2011

Frå skulekjøken til kjemilab

Det er mange måtar å lære om vitskap og forsking. Elevane ved Krohnengen skole har lært om kjemi både ved å bake kake og besøka kjemilaben på UiB.

Dufta av sjokoladekake brer seg over halve Sandviken. På skulekjøkenet på Krohnengen skole i Bergen er elevane ivrig opptatt av å røra ut sjokoladekakefyll, laga deig og smaka på det uferdige produktet.

Det er likevel ikkje ein vanlig heimkunnskapstime. Elevane har nemleg forska seg fram til den ultimate sjokoladekaka.

Virtuell kake

Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen har nemleg ein finger med i spelet. Gjennom eit interaktivt spel har elevane forska seg fram til den beste kaka, der produksjonskostnadar og miljøbelastningar er så små som mogeleg, samstundes som kaka smakar godt. Hunden Hector har glefsa i seg dei virtuelle kakene og gitt poeng. Slik har elevane lært om verdikjedeoptimalisering og kjeometriske modellar. No skal den virtuelle kaka verta verkeleg på skulekjøkenet.

Ekte kake smakar best

- Det var gøy å laga kake til hunden i spelet, seier Mikaelea Mpoussa.

- Men det er gøyare å laga den på skikkelig, den smakar betre, seier Haakon Joys.

Skuleprosjektet er ein del av Forskingsdagane i Bergen. Elevene har fått besøk av forskarar, som har gjeve dei ei innføring i forsøksplanleggjing og korleis dei skal laga enkle modellar for å kontrollera den virtuelle sjokoloadefabrikken.

I løpet av prosjektet har elevane besøkt Kjemisk institutt ved UiB og lært meir om korleis kjemi vert praktisert i meir akademiske former. På Forskingsdagane sin skuledag den 23. september skal elevane laga ein presentasjon.

Kjemisk forskingsstasjon

Forskingsdagane set kjemien i høgsetet dette året. På Forskingstorget på Festplassen i Bergen skal Kjemisk institutt visa fram det dei driv med til nysgjerrigperar i alle aldrar.

- Det er ei utfordring å driva kjemiske eksperiment inne i eit telt, men me skal gjera det me kan for å visa fram noko spanande, seier Inger Johanne Fjellanger, overingeniør ved Kjemisk institutt. Ho er ei av dei som skal vera ansvarlege for Kjemisk institutt sin stasjon på Forskingstorget.

Det er kjekt å formidla vitskap og forsking til barn, meiner Fjellanger.

- Dei er meir opne for nye ting enn vaksne, og har ein litt annan måte å tenkja på. Dei kjem ofte fram til løysingar som dei vaksne ikkje gjer, det imponerer meg. Dei syg til seg ny kunnskap, seier ho.

 

Forskingstorget finn du på Festplassen i Bergen på laurdag den 24. september, klokka 11.30 til 16.00.

Les meir om UiB sine bidrag til Forskningsdagene her.