Hjem

Aktuelt

ERC ADVANCED GRANT

Superstipend til romforsking

Romforsking ved Universitetet i Bergen vert tildelt eit av dei mest prestisjetunge stipenda i Europa. Nikolai Østgaard skal leita etter gammaglimt i tordenskyer.

Lyn

Gammaglimta er røntgen- og gammastrålar og oppstår i tordenvêr.Nikolai...
Gammaglimta er røntgen- og gammastrålar og oppstår i tordenvêr.Nikolai Østgaard skal jakta på glimta.
Foto:
Colourbox

- Dette vil gi oss musklar til å skaffa heilt nye og spanande data, seier Nikolai Østgaard, professor i romfysikk ved Universitetet i Bergen. Han legg til at fem års finansiering vil gi pengar til naudsynt ingeniørkapasitet og kunna løna ei mindre gruppe forskarar.

Denne veka har han fått beskjed om at søknaden om støtte frå det Europeiske Forskingsrådet er tilrådd innvilga, og er innkalla til kontraktsforhandlingar. ERC Advanced Grants er eit av dei mest ettertrakta stipenda i Europa, og skal støtta leiande etablerte forskarar i verdsklasse. Søknader til Advanced Grants skal ha ei imponerande '10 year track record' og ein veldokumentert leiarskapsprofil. Frå før har fem forskingsprosjekt ved UiB fått Advanced Grants.

Forskar i tordenskyer

Prosjektet som får det høgthengande stipendet er knytta til jakta på jordiske gammaglimt. Gammaglimta er røntgen- og gammastrålar og oppstår i tordenvêr. Elektrisk lada partikler flyg i lysfart når det lynar og tordnar.  For nokre år sidan vart det målt både relativistiske elektronar og antimaterie frå desse fenomenena.

- Her er svært mykje ukjent, me veit ikkje eingong kor ofte disse fenomena skjer, kanskje i kvart einaste lyn, og då snakkar vi om 45 gongar per sekund på vår planet, seier Østgaard.

For å jakta på gammaglimta er gruppa til Østgaard i ferd med å byggja eit stort røntgeninstrument som skal sendast til den internasjonal romstasjon og ein deltek i eit ballongprosjekt over Sentral-Amerika.  I tilegg planlegg ein ein flykampanje over tordenskyene. Dette kan finansieringa frå ERC bidra til å setja ut i livet, fortel Østgaard.

Les også: Jakter på romkoblingen

Skapar kontinuitet

Støtta frå ERC Advanced Grants utgjer opp til 2,5 millionar euro eller kring 18 millionar kroner.

- Dette vil gi oss ein tryggleik og kontinuitet dei neste fem åra, seir Østgaard.

Gruppa hans er for tida i  ein søknadsprosess for å verta eit Senter for Framifrå Forsking (SFF).  Østgaard ser ikkje bort frå at ERC-støtta kan gagna SFF-søknaden.

- Eitt av krava for å verta SFF er at ein skal vera i stand til å henta ressursar  frå  europeiske støtteordningar. ERC er eit bevis på at me er i stand til det, trur Østgaard.

- Positivt for UiB

Universitetet i Bergen til å bidra med ekstra 25 prosent av summen, seier rektor Sigmund Grønmo, som gratulerer Østgaard på det varmaste.

- Det er ei satsing på kvalitet som gir utteljinga her. Ei slik løyving er stort for heile UiB, og vi ynskjer Østgaard lukke til med arbeidet.