Medievitenskap
16.04.2012

Visuelt om The Wire

Erlend Lavik har analysert det visuelle uttrykket i den kritikarroste serien The Wire. Video-essayet er sett over tretti tusen gongar. Sjå essayet her.

Det fem sesongar lange TV-dramaet har vorte analysert og brukt i fleire akademiske samanhengar, og har til dømes vore på pensum innan sosiologi, litterarurvitskap og jus. Det er derimot svært få som har analysert det visuelle uttrykket i serien, seier Erlend Lavik, post doktor ved Institutt for informasjons-og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Han har posta eit video-essay på Vimeo, og det er i skrivnde stund sett nærare 40 000 gongar.

– Det visuelle uttrykket har vore den blinde flekken i resepsjonen av serien. Somme har avvist stilen i serien som unteressant. Det stemmer at stilen er sparsommeleg og at ein har villa unngått å bruka dei vanlege filmatiske grepa. I video-essayet forsøkjer eg å seia noko om kvifor ein vel ein enkel og dokumentarisk stil, sjølv om ein også bruker filmatiske grep. 

I essayet skildrar Lavik det visuelle uttrykket i som enkelt, subtilt og dokumentarisk i stilen. Det er lite bruk av verkemiddel som tilbakeblikk, sakte film og ”drøymesekvensar”. 

­

Løfter fram politisk brodd

– Kva er grunnen til at det visuelle uttrykket ikkje er verdiga særleg merksemd av akademikarar?

– Det er nok delvis avdi det er ein estetikk som ikkje appellerer til dei fleste filmforskarar sin feinschmeckersmak. Det openberre fortrinnet ved serien er den politiske brodden, det er det som er det mest iaugefallande. Eg òg meiner det er det aller beste ved serien.

Lavik meiner at det visuelle uttrykket løfter fram det sjåarane set mest pris på ved serien, figurane, plottet, dialogen og den politiske brodden.

– Det er lite prangande, opptrer i bakgrunnen og har ingen openbar eigenverdi. På den måten tillet det dei andre sterke sidene ved serien å koma i hovudsetet, seier han.

Tidlegare har Lavik skrive to vitskaplege artiklar om The Wire. Dei handla om intertekstualitet, korleis serien refererer til andre populærkulturelle fenomen, som til dømes westernsjangeren. Den andre artikkelen tok for seg korleis ein trekk vesklar på det ”umoderne”, som til dømes ved å satsa på 4:3-formatet og skildra serien som ein visuell roman.

Tusenvis av klikk

Video-essayet er i skrivande stund sett rundt 36 000 gongar, og omtalt i mellom anna Slate, Washington Post og Kottke. Lavik hadde rekna med å nå ganske breitt ut med videoen, men har nådd vidare enn han hadde håpt.

– Responsen har vore overveldande. Det har nesten vore ein fulltidsjobb å svara på førespurnadar, seier han.

Det å nå ut var noko av grunnen til at han valde video-essayet som format.

– Det er meir tilgjengeleg, fagstoffet vert meir levande og får ikkje nødvendigvis merkelappen ”Forsking”. Essayet vart spreidd fort, og rundt 250 nettsider har embedda videoen, seier han.  

No arbeider han med ei bok om The Wire, ved sida av andre prosjekt. Boka skal i utgangspunktet skrivast på norsk, og tek utgangspunkt i det han alt har skrive og sett fokus på i essayet.

– Boka vert nok i hovudsak for dei med ein fagleg bakgrunn, men kan også vera aktuell for eit meir generelt publikum, seier Lavik, som heller ikkje ser bort frå at det kan verta aktuelt å skriva boka på engelsk.