Hjem

Aktuelt

SPRÅK

Språkteknologi i bakevja

Norsk språkteknologi treng ei oppgradering. Norsk tapar for engelsk på eige terreng.

- Situasjonen for å forska på språkteknologi er i dag som om ein meteorolog skulle forska utan værdata, seier Anje Müller Gjesdal.

Saman med Koenraad De Smedt, Gunn Inger Lyse og Gyri S. Losnegaard frå forskargruppa META-NORD ved UiB tek ho no til orde for at norsk språkteknologi må fornyast og forbetrast. På den internasjonale språkdagen 26. september leverte META-NORD ein norsk språkrapport som tek for seg situasjonen for norsk språkteknologi. I tillegg til UiB-forskarane har fleire forskarar bidrege.

Les rapporten her.

Språk i kvardagen

Språkteknologi er teknologi som handsamar naturleg språk. Døme er korrekturprogram og skrivestøtte, informasjonssøking, maskinomsetjing og taleteknologi, verkty som kan letta kvardagen for dei aller fleste av oss. Teknologien bidreg til samarbeid, næringsverksemd, kunnskapsdeling og debatt på tvers av språkbarrierar.

Den digitale verda me lever i er mykje meir tekstbasert enn før. Det gjer at somme fell utanfor.

- God språkteknologi kan vera eit viktig verkemiddel for til dømes dyslektikarar og funksjonshemma, til dømes gjennom automatisk opplesing av tekst eller taleattkjenning, seier Müller Gjesdal.

Eit demokratisk problem

- Alle bør ha likt utgangspunkt til å vera sosiale medlemmer. Det oppstår eit demokratisk problem når dårlig teknologi gjer at somme ikkje får delta, legg Gunn Inger Lyse til.

Rapporten dei har levert syner nemlig at det er store språk som engelsk, fransk og spansk som vert vinnarane innan språkteknologi, medan den norske språkteknologien ligg langt etter. Mellom anna manglar ein hjelpemiddel på norsk til funkjonshemma, som dermed må finna seg i snakka engelsk i Noreg.

Utvikling av språkteknologi er ikkje billig, og det skal meir til å satsa på små språk som norsk, fortel forskarane.

Tapar for engelsk

Den engelske dominansen fører til eit domenetap, det vil seia at norsk taper terreng i visse delar av samfunnslivet. Til dømes er norsk oljebransje prega av engelsk, sidan ein mangla rein norsk språkterminologi. Forskarane ser også eit domenetap på sitt eige fagområde. 8 av 10 norske forskingspublikasjonar vert publisert på engelsk.

- Faren er at me kan mista fagspråket vårt. Domenetap trugar det norske språket, folk vert tvinga vekk frå sitt eige språk, seier Lyse

Bank for språk

Men kvifor ligg Noreg bak når det gjeld utvikling av språkverktøy?

Svaret har lenge lege i mangelen på språkressursar, eller store databasar med språk. Men løysinga er på veg.

- No har vi grunnlaget for ei større norsk satsing i Språkbanken, seier Lyse.

Språkbanken er Nasjonalbiblioteket si samling av store samlingar av tekst og tale i maskinleseleg format. Sanlinga skal vera ei teneste til dei som arbeider med utvikling av språkbasert IKT, til forskarar innanfor språkvitskap og språkteknologi, og til offentlege verksemder som utviklar elektroniske løysingar for offentlege tenester.

Forskarane håpar Språkbanken skal gjera det billigare og enklare å utvikla god norsk språkteknologi.

- Må satsast straks

- Målet vårt no er å få myndigheitene til å innsjå at det trengst ei storsatsing no, seier Müller Gjesdal.

Rapporten som vart levert på Språkdagen er del av eit større EU-prosjekt, der ein vil ha ei oversikt over europeisk språkteknologi. Etter kartleggjinga kjem mest sannsynleg ei satsing i EU-landa.

- Difor er det reint næringspolitisk viktig at me satsar i Noreg òg. Om satsinga kjem i EU og ikkje i Noreg, vil dette ramme økonomisk. Me veit at norske bedrifter tapar på at dei manglar god språkteknologi i dag.

- Når kan Noreg ha ein god nok språkteknologi?

- Eg vil tru det kan ta ti år. Først må ein få finansieringa på plass, så utvikling, før ein kan skapa applikasjonar, seier Lyse.