Hjem

Aktuelt

Open access

- Open access er framtida

Kunnskap skal delast raust, og open publisering er eit av dei beste virkemidla, seier rektor Dag Rune Olsen.

colourbox2818457.jpg

Open access gjer vitskaplege publikasjonar tilgjengelege for alle.
Foto:
Colourbox.com

Open access inneber at vitskaplige publikasjonar vert gjort fritt tilgjengelig på internett. Onsdag og torsdag denne veka arrangerte UiB, Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Bergen og CRIStin seminar om temaet i Bergen.

- UiB meiner at Open access er framtida. Kunnskap skal delast raust. Alle hindringar for det bør byggjast ned, og Open access er eit virkemiddel for å nå langt i dette målet, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen til uib.no.

Ole Gunnar Evensen, direktør ved Universitetsbiblioteket, er samd.

- Den opplyste allmenta skal ha tilgang til den offentleg finansierte forskinga. I Noreg er store delar av forskinga finansiert over statsbudsjettet, det er eit godt argument for openheit.

 

Møter hindringar

Likevel har det tatt lang tid for OA å verta breitt etablert.

Evensen fortel at det ligg ulike hindringar i vegen, til dømes tillet ikkje dei store forskingtidsskrifta som til dømes Nature, Science og Lancet at artiklar publisert hjå dei vert tilgjengelige for alle i den endelege versjonen, kalla publisher’s pdf, i eit institusjonelt arkiv som UiB sitt BORA.

Evensen fortel vidare at dette kan løysast gjennom anten å leggja ein versjon av artikkelen som utgjevar tillet i det institusjonelle arkivet, eller publisere i eigne Open access-tidsskrift som har både nivå 1 og 2-klassifisering. Ein tredje løysing er å betala ei avgift til abonnementstidsskrifta for at artiklar skal vera opne for alle.

 

Vind i segla

Evensen trur den opne publiseringa kjem til å få meir vind i segla i den næraste framtida. Mellom anna krever Storbritannia at all offentleg finansiert forsking skal vera tilgjengeleg for alle i løpet av dei neste åra. I forskingsmeldinga oppmodar den norske regjeringa om at ”all forskning som er helt eller delvis offentlig finansiert, skal være åpent tilgjengelig”.

- Det vert spanande å sjå kva som skjer, seier bibliotekdirektøren.

Rektor påpeiker at ei open publisering har ein stor demokratisk effekt.

- Særleg gjeld dette forskarar i land med trangare forskingsbudsjett enn i Noreg. Det må etablerast ordningar der dei kan publisera billegare eller gratis, og Open access kan vera eit av dei beste verkemidla.