Hjem

Aktuelt

Fellesløftet

Unge forskartalent får millionstøtte frå Forskingsrådet

Ti unge forskarar ved UiB får kring 70 millionar frå Forskingsrådet til å skapa sin eigen forskingsveg og leggja grunnlaget for nye framifrå forskingsmiljø.

ser_i_mikroskop.jpg

Illustrasjonsbilete, mikroskop
Ti unge forskarar får støtte av Forskingsrådet.
Foto:
Paul-Erik Rosenbaum

Gjennom Fellesløftet gjev universiteta sjølve og Forskingsrådet 300 millionar kroner gjennom tre år til unge forskartalent.  Ved Universitetet i Bergen får ti prosjekt støtte, på landsbasis er 42 søknadar innvilga.

– Støtta inneber først og fremst at prosjektet kan realiserast, det krev ein konsentrert innsats, seier Helle Sjøvaag, ein av dei ti vinnarane frå UiB.  

 

Evaluerer medieregulasjonar

Ho skal leia prosjektet Diversity in the Norwegian News Media Landscape: A Hybrid Model for Evaluating Media Policy ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Prosjektet vert tildelt  7 millionar kroner over tre år, noko som mellom anna finansierer ein rekrutteringsstilling.

Prosjektet skal evaluera korleis medieregulering som pressestøtte og eigarskapsreguleringar fungerer i sikringa av mediemangfald, og skal samanlikna over 30 forskjellige nyheitstilbydarar. 

– Vi skal samla data frå ein månad, på tvers av regionar, ulike eigarskap og medieplattformar. Det vert spennande, seier Sjøvaag om prosjektet som startar i slutten av 2014.

 

Støttar lovande unge

”Unge forskertalenter” er ein ny søknadskategori i FRIPRO for søkarar som er 39 år eller yngre. Universiteta har sjølve valt ut kva unge forskartalent dei vil skal få støtte mellom dei som har fått dei beste karakterane i søknadshandsaminga i Forskingsrådets Fri prosjektstøtte (FRIPRO).

– Gjennom denne satsinga får våre mest lovande, unge forskarar muligheit til å forfølga eigne idear, skapa sin eigen forskningsvei og etablera ei eiga forskargruppe. Her ser vi grunnlaget for framifrå forskingsmiljø i framtida. Dette er ei viktig investering for Noreg som kunnskapsnasjon, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Forskingsrådet.

 

 

Desse får støtte ved UiB (prosjektledere):

Fagkomiteen for humaniora og samfunnsvitenskap - FRIHUMSAM 

  • Helle Sjøvaag: Diversity in the Norwegian News Media Landscape: A Hybrid Model for Evaluating Media Policy (Institutt for informasjons- og medievitenskap)
  • Alf Gunvald Nilsen: Democratizing Indian Democracy? Social Movements and the State in India: Towards a New Research Agenda (Sosiologisk institutt)

 

Fagkomiteen for medisin, helse og biologi - FRIMEDBIO

  • Jerome Ruzzin: Role of Xenobiotics in Metabolic Diseases: A Translational Approach (Institutt for biologi)
  • Randi Bertelsen: Exposure to Antibacterial Compounds: The Microbiome and Allergic Diseases (Klinisk institutt 2)
  • Thomas Arnesen: Dynamics and reversibility of protein N-terminal acetylation (Molekylærbiologisk institutt)
  • Stian Knappskog: Assessing genetic alterations causing resistance to chemotherapy in cancer in vivo (Klinisk institutt 2)

 

Fagkomiteen for matematikk, naturvitenskap og teknologi – FRINATEK

  • Bjarte Hannsidal: Earth System Interactions and Information Transfer (Institutt for geovitenskap)
  • Elin Darelius: Inflow of Warm Deep Water on the Antarctic Continental Shelves (Geofysisk institutt)
  • Kjetil Våge: The Meridional Overturning Circulation in the western Nordic seas (Geofysisk institutt)
  • Lilya Budaghyan: Discrete Functions and Their Applications in Cryptography and Mathematics (Institutt for informatikk)