Hjem
Click

Aktuelt

Meltzerprisane

Her er vinnarane av Meltzerprisane

Professor Kenneth Hugdahl får Meltzerfondets ærespris for 2013. Professor Gunnstein Akselberg får prisen for framifrå formidling, medan Maja Janmyr og Michał Pilipczuk vart tildelt prisen for yngre forskarar.

dsc_4942.jpg

JUBLA FOR MELTZER-PRISANE. Frå venstre Gunnstein Akselberg, Maja Janmyr, rektor Dag Rune Olsen, Michał Pilipczuk og Kenneth Hugdahl.
Foto:
Thor Brødreskift

Meltzerfondets ærespris vert delt ut kvart femte år og går til forskarar som har drive framifrå vitskapleg verksemd ved Universitetet i Bergen. Tidlegare er forskarar som Kari Wærness, Bjarne Iversen, Holger Ursin og Gunnar Skirbekk tildelt prisen.

Fredag fekk professor Kenneth Hugdahl prisen. Han innrømmer at han vart mållaus då rektor Dag Rune Olsen ringte han med gladmeldinga for nokre veker sidan.

– Det tyder utruleg mykje for meg. Det å verta sett pris på av sine eigne gjer denne prisen heilt spesiell for meg. Av dei prisane og utmerkingane eg har fått før er nok denne den eg set høgast, seier Hugdahl, som mellom anna har fått Helse Vest sin forskingspris i 2006, er innvalgt medlem i både Det norske og finske vitskapsakademi og er æresdoktor ved Universitetet i Turku.

 

Viktig for miljøet

Hugdahl har vore tilknytta UiB i store delar av si arbeidskarriere, som professor i biologisk og medisinsk psykologi. Han har i fleire år leia fMRI-gruppen i Bergen, ei gruppe som har gjort pionerarbeid innan fMRI-forskning i Noreg.  fMRI-gruppen i Bergen fekk hausten 2002 status som Nasjonalt kompetansesenter for fMRI, saman med MR-senteret ved St. Olavs Hospital i Trondheim. I 2009 fekk fMRI-gruppa Det europeiske forskningsrådets (ERC) prestisjefylte Advanced Grant for å forska på høyrselshallusinasjonar, og fra 2013 er han ein av kjerneforskarane i SFF på psykoser som vert koordinert frå UiO.

Hugdahl trur æresprisen også er svært viktig for alle dei han har jobba med.

– Det står svært mange andre bak ein slik pris, doktorandar, postdocs, forskingsassistentar og – teknikarar som har hatt svært mykje å seia for forskinga, og ikek minst alle de apsienter og friske som frivillig stilt opp i forskningen. Det har ei stor signaleffekt for heile miljøet om kvaliteten på forskinga vår.

 

Vil knekke gåta

Hugdahl har klare ambisjonar for framtida. Dei siste åra har han arbeida stadig meir med gåta høyrselshallusinasjonar.

– Eg har ikkje så mange år att før eg skal pensjonera meg. Men eg vil gjera noko skikkeleg før det. Eg håpar vi kan få eit gjennombrot og forstå kva det er som skjer i hjernen når menneske høyrer stemmer som reint fysisk ikkje er der.  Om vi kan forstå det og kva som skapar den opplevinga kan vi skapa nye behandlingsmetodar og kanskje medisinar for å løysa dette. Det er ein av dei største gåtene som finst.

Sjå video: Hearing voices 

 

Framifrå formidlar

Vinnaren av Meltzerfondets pris for framifrå formidling, Gunnstein Akselberg, vert rosa for å ha styrka banda mellom universitetet og samfunnet det er ein del av.

” Meltzerfondets pris for fremragende forskningsformidling går i år til en språkforsker, som ikke bare har bidratt med viktig grunnforskning omkring norsk språkutvikling i dag, men som også med stor glede og smittende entusiasme har brakt kunnskapene sine ut til et stort publikum”, kan ein lesa i grunngjevinga.

Akselberg har gjennom fleire år vore eit kjent namn på programmet ”Snakk med oss” på NRK Hordaland, der han svarte på spørsmål og fortalde om emne som alle har eit nært og personleg forhold til: vårt eige språk og dialektar, korleis språket endrar seg, og kvifor ting og stadar heiter det dei gjer. Grunngjevinga peiker også på Akselberg sine evner som føredragshaldar, forfattar og formidling av kunnskap til vestlendingar om deira eigen landsdel.

Les også: Middag med Meltzer 

Prisa dei unge

Årleg deler Meltzerfondet ut pris til to yngre forskarar for å rosa deira framifrå arbeid.  Maja Janmyr, forskar ved Det juridiske fakultet vert skildra som eit sjeldant forskartalent. I grunngjevinga påpeiker ein at Janmyr har fått internasjonal anerkjenning for ph.d.-avhandlinga si  frå UiB om rettsvernet av sivile i flyktningeleirar.

” Janmyrs forskning berører viktige og vanskelige rettspolitiske spørsmål og hun deltar aktivt i samfunnsdebatten med formidling av forskningsbasert kunnskap, det være seg i dagspresse, ved blogginnlegg eller i faglig-pedagogisk sammenheng for lærere eller studenter. Høsten 2013 pekte Bergens Tidende henne ut som en av UiBs unge og mest lovende forskere fra det rettsvitenskapelige feltet” heiter det i grunngjevinga.

25 år gamle Michał Pilipczuk får også pris. Han tok doktorgrada i 2013, og har tidlegare to mastergrader i matematikk og informatikk frå Universitetet i Warszava.

”Imidlertid er det som gjør ham eksepsjonell ikke den korte tiden det tok ham å oppnå doktorgraden, men bredden og dybden i hans forskning. Hans bidrag til forskning innen teoretisk informatikk tilsvarer mange doktorgrader. Antallet enestående resultater han har vært med på er ikke bare eksepsjonelt for en ung forsker men det er svært uvanlig selv for internasjonalt anerkjente professorer i deres mest produktive år” står det i grunngjevinga.