Hjem

Aktuelt

Seminar

Festseminar for Hilary Birks

Professor Hilary Birks har runda 70 år, men paleoøkologen avsluttar ikkje forskinga si. Jubileumsseminaret "It's all in the detail" blir arrangert 24. og 25. april.

hilarybirks2014-1000.jpeg

Hilary Birks outside the Biology building, University of Bergen
Hilary Birks
Foto:
Gudrun Sylte

”It’s all in the detail” er namnet på jubileumsseminaret for professor Hilary Birks som finn stad på Høgteknologisenteret i Bergen 24. og 25. april. Det skulle vere ei overrasking for jubilanten, men det var ikkje hemmeleg så veldig lenge.

– Eg har ein ektemann som ikkje klarer å halde på ein hemmelighet, ler Hilary Birks, og legg til at ektemannen John ikkje var den einaste som røpte dette.

– Men eg er uansett overraska og svært beæra. Det er veldig hyggjeleg at dei arrangerer dette. Og det er interessante deltakarar. Det er mange eg har samarbeida med, men som ikkje kjenner kvarandre. Det er fint å møtest i ein slik intim samankomst for å dele idear og presentere eige arbeid, seier Hilary Birks.

Professor Birks har også fått eit jubileumshefte i anledning dagen. Eit heilt nummer av Vegetation History and Archaebothany er via Hilary Birks.

 

Tverrfagleg professor

Hilary Birks er ein veteran i Bjerknessenteret. Namnet hennar var blant det tverrfaglege teamet som utgjorde Bjerknessamarbeidet då senteret framleis berre var ein søknad hos Forskningsrådet om å bli eit Senter for framifrå forsking.

– Målet med seminaret og festskriftet er å heidre Hilary og hennar innsats for forskinga gjennom mange år, og vise breidda og mangfaldet i det arbeidet ho har gjort, seier Anne Bjune, forsker I på Uni Research og Bjerknessenteret.

Hilary Birks sine hovudtema innan forskinga har vore vegetasjon og økosystem i fortida. Ho kan sjå tilbake på ei karriere med fagleg interesse frå botanikk i alpine strøk og fjelltoppar, til hageplanter, makrofossil og andre planterestar i ulike typer avsetningar. Vidare til klima- og vegetasjonsendringar, bruk av insekt og insektrestar for rekonstruksjon av klima i fortida, radiokarbondatering og metodeutvikling.

CVen tel meir enn 100 vitskaplege publikasjonar, 4 bøker og ei lang rekke presentasjonar.

– Forskinga hennar er verdsleiande, seier Anne Bjune.

 

Tretti år i Bergen

Det er ganske nøyaktig tretti år sidan ekteparet Hilary og John Birks drog frå Cambridge til Bergen for første gang. I utgangspunktet skulle ektemannen John Birks ha eit forskningsopphald på eitt år på UiB, den gangen på det som var Botanisk institutt. Og i løpet av den tida, dukka det opp ei ledig stilling.

– Me hadde lyst til å bli. Men me var spente på kva sonen vår ville synest om det.

Sonen var tolv år, gjekk på den internasjonale skulen. Og han vart glad då mor og far spurte om dei skulle bli i Bergen. Han trivdes betre her enn i Cambridge. Dermed var valget enklare.

For Hilary Birks var det også eit spørsmål om forskarkarriere.

– Det var ein stor skilnad mellom Bergen og Cambridge. Her var det likestilling. Me vart behandla som to individ her, medan i Cambridge var eg ektemaken til John. Eg hadde ikkje sjanse til å få støtte til forskningsprosjekt, seier Hilary Birks.

I Cambridge hadde ho jobb i ein musikkforretning. Ein hyggjeleg jobb, men utan særleg forekomst av makrofossilar.

 

Bygde opp paleoøkologi på UiB

John og Hilary Birks møttest då dei studerte pollenanalyse i Cambridge. Medan John Birks spesialiserte seg i numeriske analysar og metodar innan paleoøkologi, gjekk Hilary Birks i retninga makrofossil, gjennom ein postdokstilling i Minnesota.

Då nyheten om ekteparet Birks sin tilstedeværelse på UiB spreidde seg, tok geologen Jan Mangerud kontakt med Hilary. Han hadde eit prosjekt på Svalbard saman med kollega John Inge Svendsen. Dermed var Hilary Birks igjen i gang med forsking på makrofossil. Men det tok mange år med diverse prosjektfinansiering før ho fekk fast stilling på universitetet. I 2002 fekk ho eit personleg professorat på UiB. Når ho no blir professor emeritus, vil ho fortsette forskinga si, men blir fritatt for undervisning.

– Til hausten blir eg gjesteforelesar i John sitt kurs i paleoøkologi, seier Hilary Birks.

Neste år går også ektemannen John over til å bli emeritus. Hilary håpar den paleoøkologiske forskingsgruppa vil klare seg. Forskingsgruppa bygde ekteparet Birks opp saman med Knut Fægri og Peter Emil Kaland. Når også John Birks blir 70 neste år, er det få att.

– Me ventar på at ei stilling skal bli lyst ut her på Bio. Me har venta i ei god stund på det, seier Birks.