Hjem
Click

Aktuelt

SFI-senter

UiB vil etablera senter for nyskapande journalistikk

Media City Bergen kan vera på plass i løpet av få år. Eit av UiB sine bidrag til medieklynga kan verta eit forskningssenter for journalistisk innovasjon.

colourbox533477.jpg

Institutt for Informasjon- og medievitskap søkjer statusen Senter for forskingsdriven innovasjon for prosjektet Bergen Journalism Lab.
Foto:
Colourbox.com

I 2017 vil Bergens Tidende, Bergensavisen, NRK, TV2, Vizrt og delar av Institutt for informasjons- og medievitskap vera samla i eit stort medietun i Lars Hillesgate. UiB vil ha ei sentral plassering i det nye bygget.  Senteret Bergen Journalism Lab kan verta eitt av dei mest sentrale.

– Senteret kan skapa innovasjon innan eit heilt sentralt samfunnsområde. Det handlar om å ivareta eit heilt sentralt samfunnsoppgåve, den offentlege samtala og medieoffentlegheita, seier dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Knut Helland.

 

Stort kunnskapsbehov

– Då planane om Media City Bergen byrja å ta form vart det tydeleg for oss at mediebransjen har eit stort kunnskapsbehov og stor vilje til å styrke samarbeidet med akademia. Bergen Journalism Lab vil styrka medieaktørane og vera med å realisera ambisjonane til medieklynga om å verta eit internasjonalt leiande miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innan mediefeltet , seier Leif Ove Larsen, instituttleiar på Institutt for informasjons- og medievitenskap.

Instituttet har sendt ein søknad til Norges Forskningsråd om oppretting av eit Senter for forskningsdreven innovasjon (SFI). Søknaden er skriven i samarbeid med internasjonale akademiske partnarar og næringspartnarane i klynga.

– Dette kan verta eit prosjekt med heilt unike mogelegheiter med tanke på samlokaliseringa med medieaktørane i Media City Bergen. Men ikkje minst kan ein vera heilt i den internasjoanle forskingsfronten, seier Knut Helland.

Truleg vil svaret på søknaden koma i oktober dette året.

 

Innover eller dø!

Senteret for forskingsdriven innovasjon skal verta ein toppmoderne medielab. Mellom anna skal ein eksperimentera med ny og eksisterande teknologi for å skapa nye journalistiske sjangrar. Forskingslaboratoriet skal også utforske nye distribusjonsformer for journalistikk på mobile plattformer, studere korleis ny teknologi påverkar journalistikken, journalistane sine arbeidsmåtar og arbeidet i redaksjonane, men sjå på korleis ny teknologi vert teken i bruk og intergrert i journalistisk praksis.  Senteret skal slik gripe fatt heilt sentrale utfordringar som dei redaktørstyrte mediene står ovanfor etter digitaliserina av mediene.

– Nyheitsmediene opplever ein ny konkurransesituasjon, der globale internettaktørar som Facebook og Google stel annonseinntekter frå dei nasjonale aktørane. TV2 og NRK konkurrerer med strøymetenester som Netflix og HBO. Senteret skal arbeide med analyser av dei nye rammevilkåra for fornying av journalistikken, seier Larsen. 

Døme på forskingsområde vil vera innsamling, handsaming og presentasjon av store mengder data og å skapa og bruka teknologiar for nye formar for journalistikk.

 

Unik kompetanse

Institutt for Informasjons- og medievitenskap samlar to disiplinar med kunnskapar om IKT og medievitskap. Ein journalistlab midt mellom medieaktørane vil skapa eit svært spanande forskingsmiljø, trur Larsen.

– Dei to disiplinane våre skapar ein unik kompetanse, som kan gi reelle svar på utfordingar for mediebransjen. Med ein ny teknisk infrastruktur og nye fasilitetar vil me har eit endå betre utgansgpunkt, meiner han. 

Han trur sjølve samarbeidsprosjektet er spesielt for UiB.

– Me har klart å byrja med etableringa av eit SFI-konsortium alt før medieklynga er realisert. Dette er eit godt døme på korleis næringsliv og akademia kan finne ein gode måte å samarbeide på, med gjensidig respekt for vår egenart og samfunnsopgåver. UiB kan vera med og utvikla journalistikken i ei kritisk tid for norsk medieoffentlegheit.

Både Helland og Larsen meiner at både Bergen Journalism Lab og Media City Bergen vil styrka kunnskapsbyen Bergen.

– Medieklynga er viktig for å halda TV2 i Bergen, og kunnskapsbyen Bergen vil lida tap utan. Det ville ikkje vera bra for medieoffentlegheita med ei auka sentralisering av mediene, seier Larsen.

– Med Universitetet i midten i Media City Bergen kan vi spela ei rolle ingen av dei andre partnerane kan, som forskings- og utdanningsinstitusjon, seier Helland.