Hjem
Click

Aktuelt

Forsking

Ny kunnskap om informasjonsfridom

Nordmenn har tilgang på meir informasjon enn nokon sinne. Blir dei informerte og engasjerte borgarar av det?

colourbox6053231.jpg

Mann bruker mobiltelefon
I løpet av fire år skal forskarar gjennomføra ei stor spørreundersøkjing, kvalitative intervju og studera korleis nordmenn brukar sosiale medier. Til dømes vil ein undersøkja kor viktige sosiale medier er som ein kanal for nyheiter.
Foto:
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Norsk medie- og kulturpolitikk har i årevis vore basert på informasjonsfridom – norske borgarar skal ha fri tilgang eit stort spekter av politiske, kulturelle og kunstnarlege ytringar. 

– Informasjonsfridomen er på eit vis ytringsfridomen sin tvilling.  Det offisielle målet har vore å skapa informerte og engasjerte borgarar, seier Hallvard Moe, professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Men korleis rimar dette med verkelegheita? Er det norske folket opptekne av å halda seg informerte?

 

Går i dybden på norsk mediebruk

Prosjektet Media Use, Culture and Public Connection: Freedom of Information in "The Age of Big Data" (MeCIn) ved UiB vil finna svar på korleis norske borgarar bruker informasjonsfridomen sin. I løpet av fire år skal gruppa gjennomføra  ei stor spørreundersøkjing, kvalitative intervju og studera korleis nordmenn brukar sosiale medier. Til dømes vil ein undersøkja kor viktige sosiale medier er som ein kanal for nyheiter.

­– Om fire år veit vi meir om korleis folk i Noreg brukar det medietilbodet dei har i dag, seier Moe. Han skal leia MECin.

 

14 millionar i støtte

Prosjektet fekk nyleg 14 millionar kroner over fire år i støtte frå Forskingsrådet. Moe trur prosjektet vil vera svaret på eit kunnskapsbehov hjå Kulturdepartementet og vera med på å forma medie- og kulturpolitikken i framtida.

Noreg er i forkant i bruk av ny teknologi, og er mellom anna i verdstoppen på bruk av smarttelefonar. Talet på avislesarar er også høgt, og almennkringkastinga når mange.

 

Forskar på nyheitsnektarar

Likevel fell nokon utafor. Ikkje alle koplar seg på samfunnet gjennom teknologi og media.

Prosjektet skal via spesiell merksemd til desse gruppene og kvifor dei ikkje deltek på lik linje med majoriteten. Moe vil ikkje definera gruppene i forkant av forskingsprosjektet, men trur at eldre skil seg ut som ei mogeleg gruppe. I tillegg kjem grupper som av ulike årsaker tek aktive val om å ikkje delta på lik linje med andre.

– Forsking frå USA viser at nokre tek aktive val, til dømes om å velja bort nyheiter, som dei ser på som deprimerande. Til gjengjeld kan dette gi dei energi til å gjera noko positivt, seier Moe.

Han trur prosjektet vil bidra til utvikling på Institutt for informasjons- og medievitskap.

– Prosjektet berører eit av dei sentrale delane av medievitskapen: publikum, seier han.