Hjem
Click

Aktuelt

Horisont 2020

Universitetet i Bergen har størst suksess i EU-søknadar

Universitetet i Bergen har størst gjennomslag på søknadar til EU-programmet Horisont 2020 i Noreg.

colourbox5353625_1.jpg

ILLUSTRASJONSBILDE VITSKAP
SØKNADAR GIR UTTELJING: UiB er det universitetet i landet som har størst gjennomslag i sine søknadar om forskingsfinansiering frå EU, opplyser Forskingsrådet. Illustrasjonsbilete.
Foto:
Colourbox.com

Dette kjem fram i statistikk Forskingsrådet har lagt fram. Universitetet i Oslo (UiO) er det universitetet som deltek i flest søknadar, og har innhenta mest midlar. Universitetet i Bergen (UiB) får likevel størst gjennomslag for sine søknadar, og har fått positivt svar på 15 prosjekt. Desse prosjekta utgjer til saman 11,3 millionar euro eller rundt 100 millionar kroner.

Horisont 2020 (H2020) er EU sitt åttande rammeprogram, og verdas største program for innovasjon og forsking.

 

Målretta kvalitet

UiB går aktivt inn for at universitetet skal sende EU-søknadar av høg kvalitet, og har mellom anna etablert ei gruppe spesialistar som veit kva som skal til for å lukkast med ein søknad. Medlemmane i gruppa har spisskompetanse innan økonomi, administrasjon og jus.

– Ikkje minst trur eg me lukkast med våre søknadar avdi dei som har hatt suksess tidlegare vert gode rollemodellar for andre og inspirerer andre til å søkje, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

 

Spesialistar gir råd i søknadsprosessen

Søkjarar som har vore i harde intervjurundar i EU deler av sine erfaringar med dei som er i ein søknadsprosess. Mellom anna isceneset Forskingsadministrativ avdeling (FA) ved UiB panel av same type forskarane vil møta i Brüssel.

FA sit med ekspertise på dei ulike utlysningane, og kjenner retningslinjene og kva søkjarane må forholde seg til.

– Det er vår jobb å vere spesialistar på dette. Vi kjenner bakgrunnsinformasjonen, og veit korleis vi skal hjelpe forskarane å få finansiert forskinga dei ønsker å få gjort, seier forskingsdirektør Heidi Espedal.

Espedal understreker også at samarbeid på tvers av avdelingar og mellom dei ulike nivå er viktig for å lukkast.

– Men til sjuande og sist handlar det om dyktige forskarar med gode forskingsidear og søknadar, seier ho.

 

Vil motivere

UiB ynskjer å å motivere til at talet på søknadar går opp, og at ein skal sende fleire søknadar til store, tematiske program, fortel rektor.

–  Skal vi nå målet om å halde høg, internasjonal faglig kvalitet må bidrags- og oppdragsfinansieringa styrkast, seier han.

UiB prioriterer no etableringa av ei tverrfaglig gruppe med spisskompetanse innen Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA). Målet er å skape eit støtteapparat som gjer det mogele for forskarane å konsentrere seg om forskinga, og som motiverer dei til å søke nye prosjekt.

– Etableringa av BOA-teamet vil vere viktig i tida som kjem. Slik styrkar vi dei administrative støttefunksjonane rundt søknadsarbeidet, seier Heidi Espedal. 

 

Kan realisere ambisjonar

Meir EU-midlar gjer at UiB kan realisere forskingsambisjonane sine, seier rektor Dag Rune Olsen.

– I tillegg får vi tilgang til europeiske forskningsnettverk.  Prosessen der søknadane vert vurderte bidrar dessuten til å gjera vår eigen forskingskvalitet synleg, seier Olsen.