Hjem

Aktuelt

STRATEGI FOR UIB

UiB vedtok ny strategi

Hav, liv og samfunn er dei samlande stikkorda for Universitetet i Bergen sin nye strategi.

illfoto_strategi.png

Forside strategidokument
NY STRATEGI: Hav, liv og samfunn er dei samlande orda for UiB sin nye strategi. Strategien trer i kraft i 2016 og skal gjelde fram til 2022.

Universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) vedtok 29. oktober sin nye strategi. Strategien skal gjelde frå 2016.

Hav, liv, samfunn” er tittelen på den nye strategien.

– Det er viktigare enn nokonsinne å fortelje om kva UiB står for. ”Hav, liv, samfunn” seier mykje om verksemda vår og dei utfordringane verda står ovafor. Samstundes fortel det om historia vår og kva forskinga og utdanninga vår er tufta på, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

Strategien framhevar forsking på klima og energiomstilling som eit nytt satsingsområde ved UiB. Dei to andre satsingsområda er marin forsking og forsking på globale utfordringar. UiB får fire hovudoppdrag i dokumentet: ”Vi utforsker”, ”Vi utdanner”, ”Vi utvikler” og ”Vi utfordrer”.

– Strategien er eit verdidokument, som seier noko om korleis UiB skal vere og kva mål vi skal setje oss. Det er viktig at UiB posisjonerer seg globalt og nasjonalt, det vert attspegla i strategien, seier rektor.

 

Klare strategiske mål

Strategien vert konkretisert gjennom fire strategiske mål frå 2016 til 2022: 

  • UiB skal utvikle fleire leiande forskningsmiljø. Innan 2022 skal alle våre fakultet ha fagmiljø i verdsklasse og fleire fagmiljø av høg internasjonal standard.
  • UiB skal utdanne dei mest attraktive kandidatane i Noreg. Innan 2022 skal 85 prosent av kandidatane ha relevant jobb to år etter fullført utdanning.
  • UiB skal innan 2022 vere ein ettertrakta kompetanseinstitusjon som har styrka sine langvarige relasjonar med myndigheiter, næringsliv, kulturliv og samfunnsliv.
  • UiB skal bidra i det offentlige ordskiftet og til den kunnskapsbaserte samfunnsutviklinga gjennom god formidling og dialog med omverda. Innan 2022 skal vi vere leiande i Noreg på digital formidling.

 

Satsar på klynger

I den siste delen av strategidokumentet vert virkemiddel og tiltak for å nå måla skildra. Mellom anna skal bidrags- og oppdragsfinansieringa styrkast, UiB skal satse på forsking og undervising på tvers av fakultet og fag og alle fakultet skal ha strategiar for å ta i mot nye studentar på best mogeleg måte.

I tillegg skal UiB etablere kunnskapsklynger basert på tverrfagleg samarbeid. Klyngene skal etablerast på område der UiB alt har høg internasjonal kvalitet, og vert eit viktig virkemiddel for å utvikle fleire framifrå forskings- og utdanningsmiljø. Fleire av desse klyngene er under utvikling alt no: mellom anna Media City Bergen, Marin forskingsklynge og ei klimaforskingsklynge.

– Forskingsklyngene vert viktige verktøy for samarbeid med andre institusjonar og verksemder, seier rektor Dag Rune Olsen.

I arbeidet med strategien vart UiB sine to satsingsområde marin forsking og utviklingsrelatert forsking evaluert av to ekspertgrupper. Begge satsingsområda vart skildra som i verdsklasse. I strategien for 2015 til 2022 vert satsinga på marin forsking og globale samfunnsutfordringar vidareført, det same gjeld forsking på klima og energiomstilling. 

 

Har involvert UiB og samfunnet

Arbeidet med strategien har vore ein open og omfattande prosess.

– Sjølve prosessen i eit slikt strategiarbeid er nesten like verdifull som sjølve dokumentet. Strategien gir store muligheiter. No er det opp til fakulteta og universitetet å gripa dei sjansane strategien gir, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

Strategiarbeidet har føregått gjennom dialogmøte, samarbeid med styret, debatt  og informasjon på UiB sine nettsider. Alle tilsette og studentar samt eksterne aktørar har hatt høve til å koma med innspel. Arbeidsgruppa har invitert enkeltpersonar til å halde presentasjonar med relevans for strategiarbeidet. Dokumentasjon, presentasjonar og datagrunnlag er publisert på strategiarbeidet sine nettsider.

I 2019 skal alle tilsette og studentar inviterast til ein gjennomgang og evaluering av verkemidla og tiltaka som vert sett i verk gjennom den nye strategien.