Hjem

Aktuelt

Utdanning

Prisar til kreativ undervisar og akademisk skrivesenter

Førsteamanuensis Christian Jørgensen vert rosa for si kreative formidling av fag. Akademisk skrivesenter får Ugleprisen av UiB for å gjera utdanninga betre.

img_9341.jpg

Christian Jørgensen
PRIS FOR LÆRING: Christian Jørgensen fekk Læringsmiljøprisen 2015, og vert skildra som ein kreativ undervisar. Ved hjelp av mobil teknologi klarar han å engasjera alle studentane sine.
Foto:
Elin Espe Stensvand

Universitetet i Bergen sin Læringsmiljøpris for 2015 (sjå FAKTA/) går til førsteamanuensis Christian Jørgensen ved Det matematisk-naturvitskapelige fakultet. Han vert skildra som ein kreativ og aktiv formidlar av kunnskap av vurderingskomitéen. Det er studentane sjølve som nominerer førelesarane sine.

Jørgensen er glad for at studentane gir han tillit med å nominera han til prisen. Likevel er han ikkje heilt komfortabel i rollen som lærar og undervisar, i følgje han sjølv.

–  Eg trivst best utafor rampelyset. Det er litt urettferdig at berre eg får pris, eg er del av eit miljø der det skjer mykje bra,  seier Jørgensen, som underviser i emnet BIO100.

 

Aktiviserer studentane

Uansett er det ikkje tvil om at studentane, dei fleste rett frå vidaregåande, set pris på førelesingane hans. Han fortel at han har gått aktivt inn for å lesa seg opp på korleis ein kan aktivisera studentane.

“Han tildeles prisen på bakgrunn av sin kreativitet i formidlingen av fag, aktivisering og gode interaksjon med studentene samt tilrettelegging for læring også utenom undervisningssituasjonen”, skriv komitéen. 

Jørgensen la raskt merke til at eit fåtal av dei kring 120 studentane på førelesingane var aktive og svarte på spørsmål. Etter å ha tenkt litt fann han ein måte å gjera dei andre meir aktive.  No kan alle studentane svara på spørsmål stilt på førelesinga via ein ”multiple choice”-løysing på mobil.

– Vi diskuterer dei ulike svara i plenum. Det blir lettare å svara når det er anonymt, og det aktiviserer studentane, seier Jørgensen.

 

Kastar ikkje vekk tida

Jørgensen er tilknytta bioCEED – senter for framifrå utdanning ved Institutt for biologi.  Undervisarane har vore på samlingar, såkalla ”Teachers’ retreat”.  Å snakka om undervising og ha eit kollegialt forum har vore nyttig, meiner han.

– Vi som underviser er forskarar, med behov for bevis. I klasserommet må vi bruka dei same teknikkane som når vi forskar, og lesa oss opp og finna fram til tilnærmingar som gjer at studentane lærer.

Jørgensen er oppteken av at alle studentane hans skal få noko ut av førelesingane.

– Eg har 120 studentar, om eg gir ei ubrukeleg forelesing kastar dei vekk 2 timar gonger 120, det vert omtrent seks arbeidsveker samanlagt. Det er eit tungt ansvar, seier Jørgensen.

 

Uglepris til skrivesenter

Akademisk skrivesenter ved Det humanistiske fakultet (HF) får årets Uglepris. Prisen er UiB sin interne pris for utdanningskvalitet. Prisen blir delt ut av utdanningsutvalget til fagmiljø som kan dokumentera særlig vellukka tiltak for studiekvalitet.

Birger Solheim leiar senteret og er førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier. Han trur senteret får Ugleprisen fordi det styrkar kvaliteten på studiene ved HF, ved å etterkoma krava studentar har i ein skriveprosess.

–  Studentane vert tekne på alvor. Det er forskjellige behov når det gjeld skriving, og er ikkje noko som kan gjerast maskinmessig. Vi kan hjelpa individuelt, med akkurat det den enkelte student strevar med, seier Solheim. 

Akademisk skrivesenter gjev individuell rettleiing til studentar, tilbyd skriveverkstad, tematiske kurs og skriveundervising på fleire av faga ved Det humanistiske fakultet.

Solheim trur det å skriva akademisk er ein god kunnskap å ta med seg etter at ein er ferdig med studiene.

– Nokre år etter endt utdanning har ein gjerne gløymt ein del av faktakunnskapane ein tileigna seg. Det å skriva akademisk er derimot noko ein alltid tek med seg, og kan vera noko å slå i bordet med ovanfor arbeidsgjevarar, meiner han.

 

Pilotprosjekt i tre år

Senteret vart opna i 2014, og er eit treårig pilotprosjekt. HF og Universitetsbiblioteket samarbeider om senteret, og legg vekt på å knytte biblioteket sin kompetanse i søk og kildevurdering tettare til det konkrete skrivearbeidet.

“Senteret har oppnådd stor aktivitet allerede i det første året det er i drift, og konseptet har stor overføringsverdi til andre fagmiljø” skriv vurderingskomiteen om prisvinnaren.

Det er Solheim samd i. Senteret har merka interesse frå studentar frå både Det psykologiske og Det samfunnsvitskaplege fakultet, og sagt ja til alle.

– Min visjon er at senteret kan vera for heile universitetet, ikkje berre HF, seier Solheim.