Hjem

Aktuelt

UTDANNING | Innovasjon

Gjer studentane gode med lagarbeid

Lagspel mellom studentar og undervisarar er alfa og omega på biologi og supersenteret bioCEED. Øyvind Fiksen meiner det er vegen å gå for å skapa studentar som er klare til arbeidslivet.

img_9783.jpg

Øyvind Fiksen, undervisning
KRITIKK OG FORNYING: Øyvind Fiksen er glad for at studentane kjem med konstruktive innspel til undervisingsopplegget. Samspel gjer undervisinga betre, for både studentar og forelesar.
Foto:
Jens Helleland Ådnanes

I Biologen, bygget som husar Institutt for biologi, legg studentane på BIO301 fram svaret på oppgåva dei har jobba med.

Professor Øyvind Fiksen har ein hemmeleg agenda.

– Det kan hende eg er litt treig, men kva var det de eigentleg ville med dette, spør han ein av studentane som prøver å forklara kva metode gruppa hans brukte for å løysa den vanskelege oppgåva.

Fiksen er streng, men rettvis, og stemninga er god i det vesle klasserommet. To grupper har samarbeida om å løysa oppgåva Fiksen har gjeve dei. Studentane har brukt excel-ark som arbeidsverktøy.

Læringa det viktigaste

Til slutt er ikkje Fiksen heilt nøgd med nokon av svara, men forelesaren trøystar studentane med at dei har vore på rett spor.

– Eg hadde trudd at dette vart enkelt for dykk, men der tok eg visst feil, ler professoren.

Gruppene diskuterer kva dei kan ha misforstått i oppgåveteksten. Fiksen noterer seg kva han kan vera tydelegare på neste gong.

Prøver nye ting

Etter seansen i dagens biologitime er Fiksen nøgd med innsatsen til studentane.

– Oppgåva var meir krevjande enn eg hadde trudd. Men vi prøver ein god del nye ting for tida, og både studentane og eg lærer litt kvar dag, seier han.

Han fortel at han og kollegaene legg vekt å å gjera andre ting enn å berre førelesa og gi skriftlege eksamenar. Studentane hans svarar mellom anna på quizar og deltek i team-arbeid, i tillegg til det individuelle arbeidet.

– Det er ingen som er på Facebook når vi underviser. Dette skapar engasjement, fortel Fiksen. 

Lærer i lag

Ket Fossen og Marie Danielsen, begge masterstudentar på biologi, meiner dei lærer på ein annan måte gjennom lagarbeidet.

– Det er mange kompromiss og ein må vera tolmodig. Men vi ser det store biletet, og kjem alltid fram til eit resultat. Det er ikkje ein fordel å sluntre unna, det er flaut på masternivå, seier Danielsen.

Ein hjelper kvarandre å verte gode, meiner Fossen.

– Om det er noko ein slit med å få til, hjelper vi kvarandre. Det vert meir dynamisk, og det er ingen som ikkje heng med, seier ho.

Klare til arbeidslivet

Studentane får vurdering både for individuelt arbeid og gruppearbeid, og resultatet er alltid betre i gruppearbeidet. Fiksen meiner samarbeidet er ein læringsprosess som gir resultat, sjølv om det kan vere krevjande.

– Evne til samarbeid er noko av det som står høgast på dei evnene arbeidsgjevarar ser etter hos tilsette. Det vert også nyttig om studentane fortset som forskarar, seier han.

Han er glad for at studentane kjem med innspel til undervisingsopplegget, slik dei gjorde etter oppgåva i dagens undervising.

– Då får vi som undervisar eit bilete av kva studentane treng og kva vi skal endre på, seier han.

Studentane Fossen og Danielsen er glade for at dei får eit ord med i laget om undervisinga.

– Når vi er komne så langt i utdanningsløpet er det jo forventa at vi skal vise kritisk tenking. Vi skal ta ansvar sjølv, sjølv om det er meir arbeid for oss, er det frigjerande, seier Danielsen.