Gå til innhold
English A A A
Arrangement

I dialog med Kina

Tid: 10.4.2012 18.00

Sted: Teglverket, Kvarteret

Les mer: Studentersamfunnet

Kina blir stadig viktigare. Men etter Nobelprisutdelinga i 2010 er forholdet mellom Kina og Norge blitt anstrengt. Kva kan vi gjere for å bedre dialogen med Kina?

I 1994 vart det etablert eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og East China Normal University i Shanghai om kulturell modernisering i Europa og Aust-Asia.

Med utgangspunkt i dette samarbeidet skreiv Gunnar Skirbekk boka Multiple Modernities som nyleg vart utgitt i Hong Kong.

Historia har vist oss at stormakter ofte prøver å endre andre kulturar i sitt bilete. Heilt sidan kyrkja var på høgda av si makt i høgmiddelalderen, til imperialismen råda i Europa, og til nyare tider med eksport av demokrati og menneskerettar som dei fremste eksempla.

Kor kjem denne kulturelle arrogansen frå? Kva fører den med seg? Kva er føresetnadane for ei vellykka modernisering? Det er klart at denne diskusjonen er relevant også utanfor Kina. Kaoset i den arabiske verda og det politiske stemningsskiftet i USA kan også verta forstått som eksempel på mislykka modernisering.

Kan moderniseringsprosessane følge samme mønster overalt? Er modernisering eit universelt fenomen som fungerar på same måte uavhengig av kulturelle vilkår?

Skirbekk tek med seg Simen Andersen Øyen frå Senter for Vitenskapsteori for å analysere moderniseringsbegrepet og diskutere vår tilnærming til modernisering.

Møteleder:

Lars Volldal

Innledere:

Gunnar Skirbekk
Prof.emeritus, Senter for Vitenskapsteori, UiB.

Simen Andersen Øyen
Stipendiat, Senter for Vitenskapsteori, UiB.