Protestdager: Den nye husmora
Unge bloggarar skildrar ein kvardag inspirert av deira mormor sin kvardag, som innehaldt husarbeid og heimeliv. Er dette ein protest mot 70-talets yrkeskvinne?
Dei siste åra har ordet husmor fått ein meir positiv klang. Unge bloggarar drøymer seg tilbake til «slik mormor gjorde det», det heimelaga, ekte og sunne. Typisk husmorarbeid som matlaging, interiør og barnepass er blitt trendy. Bloggarane er husmødrer som faktisk har born, men også unge som er i arbeid eller studerer. I motsetnad til besteforeldregenerasjonen på 50-talet, har dei unge bloggarane høve til å vise fram heimen sin på internett.
På 70-talet kjempa kvinnerørsla for frigjering frå kravet om å vera husmor, og utover 80- og 90-talet vart yrkeskvinna etablert som eit førebilete og symbol på frigjering. Fleire har stilt seg kritisk til at unge i dag bakar cupcakes framfor å følgje opp det feministane på 70-talet arbeidde for.
Til skilnad frå dei som var unge på 70-talet, treng kanskje ikkje dagens unge kvinner å gjere opprør, då kvinner er meir yrkesaktive enn nokon gong. Kva skuldast denne blogginga? Er dette problematisk med tanke på likestillinga? Er det ein protest mot feminismen frå 70-talet?
Kulturhistorikar og forskar Hilde Danielsen, og journalist Marta Breen kjem for å samtale om romantiseringa av husmorrolla.
Møteleder:
Silje Stavdal og Gjertrud Skarsvåg
Innledere:
Hilde Danielsen
kulturhistorikar, Rokkansenteret.
Marta Breen
journalist med bakgrunn frå blant anna Dagbladet, NRK, KK og RadiOrakel
Kalender - det skjer!
I dag
23. mai
- 10.00 Gjesteforelesning ved Professor Diane Larsen-Freeman, University of Michigan
- 10.15 Transforming Conceptions of Language and its Development: What is on Offer from Complexity Theory
- 10.15 Gjesteforelesning professor Diane Larsen-Freeman, University of Michigan
- 12.15 Autonomy and Automation in an IT society for All: When Health Care Services Move to the Home
- 15.00 Åpningskonsert - Stikk Innom