Protestdager: Miljørørsla – ein romodyssé
Upop inviterer til eit historisk dykk i miljørørsla på 70-talet, der inspirasjon frå romfartsindustrien la grunnlaget for debattar og organisering av kampen for eit betre miljø og ei meir harmonisk verd.
I 1968 sendte Apollo 8 dei fyrste bileta av jorda sett frå månen. Fotografia kom raskt til å representera visjonar for ei meir harmonisk verd, ikkje minst for den veksande miljørørsla. Peder D. Anker, førsteamanuensis ved New York University, kjem til Studentersamfunnet for å presentera miljørørsla si utvikling og den finurlege relasjonen til romfartsvitskapen. Anker ser på korleis miljørørsla vart prega av nyvinningane i romfarten og korleis ein brukte deira døme i arbeidet med miljøspørsmål.
Økologar brukte organiseringa av romskipet som eit lukka system for å forstå livet på jorda. Arkitektar og designarar bygde miljøhus med romskipet som ideal. Miljøetikarar sette opp astronauten som sitt førebilete for korleis ein bør leva i harmoni med naturen. Som ein konsekvens av at forskarar starta å bruka personlege datamaskiner, vart jorda ofte formatert og forstått virtuelt som eit lukka romskip. Under møtet vil Anker sjå på korleis ein kan forstå dei bakanforliggande ideala som styrer miljødebatten når jorda vert eit romskip.
Møteleder:
Mildrid Kyte
Innledere:
Peder D. Anker
Førsteamanuensis (Associate Professor), New York University
Kalender - det skjer!
I dag
23. mai
- 10.00 Gjesteforelesning ved Professor Diane Larsen-Freeman, University of Michigan
- 10.15 Transforming Conceptions of Language and its Development: What is on Offer from Complexity Theory
- 10.15 Gjesteforelesning professor Diane Larsen-Freeman, University of Michigan
- 12.15 Autonomy and Automation in an IT society for All: When Health Care Services Move to the Home
- 15.00 Åpningskonsert - Stikk Innom