Gå til innhold
English A A A
23.01.2012 Kortnytt

Erasmus-opphald i Europa aukar

Rekordmange norske studentar reiser på studieopphald i Europa.

I studieåret 2010-2011 drog 1530 norske studenter ut på studie- eller praksisopphold i Europa under Erasmus-programmet. Det er 13 prosent meir enn året før, og ny toppnotering, ifølgje Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Tala kjem fram i SIU sin nylege Mobilitetsrapport 2011.

Les heile rapporten her.

Erasmus er EU sitt program for samarbeid innan høgare utdanning.

Astri Andresen, viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB seier til SIU at leiinga ved universitetet legg til rette for studentutveksling og oppfordrer studentene til å bruka dei høva dei har.

– Somme av fakulteta våre hadde ei klar auke, særlig Det humanistiske og Det medisinsk-odontologiske fakultetet. På begge fakulteta har ein satsa bevisst, men begge låg lågare enn normalt i perioden før,  seier Andresen til SIU.

UiB arrangerer årleg Internasjonal veke.

– Det handlar om å auka interessa for og kunnskapen om kva ein kan velja i når det gjeld utveksling. I fjor hadde me særskilt fokus på utveksling i Europa, og det kan ha virka positivt inn på Erasmus-tala, seier Astri Andresen på SIU sine nettsider.

Storbritannia er det mest populære destinasjonslandet for norske Erasmus-studenter. Tyskland er nest viktigast, fulgt av Frankrike, Danmark og Spania.

Sist endret: 23.1.2012

  • Link til hubro
  • Link til På høyden