Viktige vegval for UiB
Universitetsstyret gjorde i dag vedtak som vil setja preg på framtida for UiB. Mellom anna er universitetet sin strategi for dei neste fire åra vedteken.
Hovudmålet i den nye strategien er at UiB skal vera eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet. Torsdag vart strategien vedteken av Universitetsstyret.
Strategien er eit viktig dokument for UiB og skisserer dagens situasjon ved universitetet, komande utfordringar og mål og strategi for å møte utfordringane.
Eit strategisk arbeidsverktøy
Hovudmålet om å vera eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet tyder mykje for strategiske val på alle plan - for rekruttering, organisering og samhandling på den eine sida, for publisering, undervisning og formidling på den andre, kan ein lesa i strategien.
- Eg er godt nøgd med resultatet. Dette legg eit godt grunnlag for UiB si vidare utvikling, som eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet. Me skal prioritera kvalitet, seier rektor ved UiB, Sigmund Grønmo til uib.no.
Strategien legg vekt på fem overordna mål når det gjeld forsking, forskarutdanning, utdanning, samfunnsdialog og Universitetet som organisasjon og arbeidsplass. Tiltaka knytta til hovudmåla er skildra i strategien.
Til dømes er eit hovudmål for forskinga er at universitetet skal ha og fremja grunnleggjande forsking av høg kvalitet i breidda av universietet sine fagdisiplinar. Eit tiltak for å nå dette tiltaket er å vidareutvikla kriteria for å identifisera forsking med særlig høg kvalitet.
Les Universitetet i Bergen sin strategi for 2011 - 2015 i sakspapira til Universitetsstyret.
(Strategien er vedteken med visse redaksjonelle endringar.)
Strategien er arbeidd fram av ei arbeidsgruppe som sidan 2009 har teke for seg UiB sine vegval og prioriteringar dei neste fem åra. I september la arbeidsgruppa fram sitt utkast til strategiplan, som seinare har vore på høyring hjå fakulteta, tilsette og studentar. Saka er handsama i Universitetsstyret på deira møte i desember og februar.
Internasjonal samhandling
Den nye strategien legg stor vekt på internasjonal samhandling. Samhandlinga skal i større grad verta ein integrert del av hele universitetets verksemd og involvera alle ledd i organisasjonen. Dette tyder mellom anna aktiv samhandling med utanlandske institusjonar og større mobilitet av tilsette og studentar over institusjons- og landegrenser.
I tillegg til ny strategi har styret i dag vedteke ein ny handlingsplan for UiB si internasjonale verksemd. Arbeidet med den nye handlingsplanen har pågått sidan 2010 og har vore leia av Astri Andresen, viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB.
Les den nye handlingsplanen i sakspapira til universitetsstyret.
(Handlingsplanen er vedteken med visse redaksjonelle endringar)
Handlingsplanen er forankra i UiB sitt nye strategidokument. Strategien førutset at den internasjonale dimensjonen i forsking, utdanning og administrasjon vert vidareutvikla. Handlingsplanen peiker på tiltak som kan fremja dette og gjeld universitetet som ein heilskap.
Sist endret: 14.4.2011
Kalender - det skjer!
Se hele kalenderenTema
-
Oljebyen Bergen
Forskningsmiljøene ligger i front når Bergen settes på oljekartet.
Gå til tema Se alle tema
UiB i media
- Seks av ti torsk slippes ut igjen (02.08.13)
- Unik fjellkjede avdekket på den norske havbunnen (02.08.13)
- Unik fjellkjede på den norske havbunnen (02.08.13)
- 59 fråtekne flyktningstatus etter kriminalitet i heimlandet (02.08.13)
- 59 fratatt flyktningstatus (02.08.13)
Flere aktuelle saker
- Interessert i dobbelkompetanse i odontologi? (02.08.2013)
- Velkommen til nytt semester ved IKO (02.08.2013)
- A waterworld of volcanoes (02.08.2013)
- Kan bli Norges nye nasjonalpark (01.08.2013)
- Stimulating environment is good for fish (01.08.2013)

