Gå til innhold
English A A A
09.05.2011 Klimakonferanse

Byplanlegging under klimaendringar

Denne veka samlast klimaforskarar frå landa kring Østersjøen og Nordsjøen i Bergen for diskutere konsekvensar av klimaendringar i framtida.

Forsking på klimaendringar har i ein del år allereie hatt innverknad på byplanlegging i Noreg og Europa. Det er venta at klimaendringar vil bety meir nedbør i vinterhalvåret, og at det vil regne meir når det først regnar. Ein ventar fleire flaumar og stigande havnivå.

Alt dette må ein ta omsyn til når ein byggjer nye hus og vegar. Den andre internasjonale BaltCICA-konferansen vert arrangert i Bergen onsdag og torsdag denne veka, og konferansen tar nettopp sikte på korleis ein i dei ulike regionane skal hanskast med konsekvensar av kommande klimaendringar.

Forskingsprogramma MARE (Nordsjøprogrammet) og BaltCICA (Østersjøprogrammet), er interregionale forskingsprogram i eigarskap av EU. Onsdag og torsdag denne veka står Bergen by og Norsk institutt for by og regionforsking bak den andre internasjonale BaltCICA konferansen. Her vil ein presentere forskingsresultat frå Østersjø- og Nordsjøprogrammet, og fokusere på nokre av dei konkrete grepa som er gjort i Bergensregionen og i Østersjøregionen.

Veg for vatn

Helge Drange, professor ved Geofysisk insitutt og på Bjerknessenteret er med i Nordsjøprogrammet. På onsdag skal han snakke om klimaendringar globalt og i tilfellet Bergen. Drange viser til fire områder ein må ta omsyn til i dagens byplanlegging. I Bergen sitt tilfelle gjeld det overvatn, eller flomsituasjonen, det gjeld stigning av havnivået, og aukande nedbørsmengder.

– Ved byplanlegging må ein i dag ta omsyn til overvatn. Betong og asfalt absorberer ikkje vatn. Ein må planlegge slik at grøntområde i byar som til vanleg vert brukt til rekreasjon i flomsituasjonar vil bli oversvømt og absorbere vatn. Ein må planlegge for kvar vatnet skal renne bort. I Bergen er det diskutert korleis ein skal leie vatn nedover fjellsida og ei opning mellom Store og Lille Lungegårdsvann, seier Helge Drange.

Ikkje soverom i kjellar

I Bergensområdet er det venta auka nedbør i vinterhalvåret, generelt for vestlandet kan det blir ei auke i nedbør på alt mellom 20 og 40 prosent. Det medfører også ein trussel med tanke på skred. Det er venta ei havstigning på minimum ein halvmeter i løpet av dette hundreåret. For Bergen kan det bli ei auke på mellom femti og åtti cm, alt etter kor fort breear og dei store iskappene vil smelte.

– Nye hus, vegar og avløp må ta høgde bokstavleg talt for stigninga av havnivået, seier Drange.

Med havnivåstigning og regelmessige flaumar vil ein vere sårbar med tanke på kjellarar. Her har ein gjerne elektrisitet og maskineri. Dette bør frametter løftast oppover i etasjane når ein byggjer. Ein bør heller ikkje ha soverom i kjellarar der ein risikerer flaum, men ein kan til dømes har parkeringsanlegg.

Konferansen samlar både forskarar og beslutningstakarar frå blant anna Danmark, England, Nederland, Tyskland, Litauen og Finland.

Sist endret: 9.5.2011

  • Link til hubro
  • Link til På høyden