Gå til innhold
English A A A
20.05.2011 Artikkel fra Hubro 2-2011

Utgir første afrikanske lærebok i nevrologi

Då nevrologen William Howlett ikkje fann lærebøker som medisinstudentane hans i Tanzania kunne kjenne seg att i, bestemte han seg for å skrive si eiga. Forleggjaren heiter UiB.

AV KJERSTIN GJENGEDAL

– Dette vil sikkert overraske deg, men det finst ikkje eingong ei lærebok om aids i Afrika, 25 år etter at epidemien braut ut. Det same gjeld tuberkulose og malaria, og mange andre sjukdommar som er vanlege i afrikanske land, fortel William Howlett på epost frå Tanzania.

Howlett er irsk, men har brukt store delar av yrkeslivet sitt som lege og lærar for pasientar og medisinstudentar ved sjukehuset Kilimanjaro Christian Medical Center i Tanzania. Han oppdaga  raskt at dei einaste tilgjengelege lærebøkene var skrivne for medisinstudentar i vestlege land med høg levestandard.

Bok til fri nedlasting

– Standardlærebøkene i indremedisin og nevrologi er gode bøker, men på visse område strekk dei ikkje til her. Det gjeld mellom anna klinisk praksis i ein afrikansk kvardag, og visse nevrologiske sjukdommar som er særleg utbreidde i Afrika. Eg bestemte meg for å lage eit kompendium for studentane mine her, og det har etter kvart utvikla seg til ei lærebok, fortel Howlett.

Det var viktig for Howlett at boka skulle vere gratis og lett tilgjengeleg for studentar og helsepersonell. Der kunne UiB hjelpe. Universitetet driv småskala forlagsverksemd og publiserer skriftseriar og bøker under namnet BRIC. Ved å publisere boka på BRIC-forlaget, sikrar UiB seg  rettane til også å publisere manuskriptet på det opne forskingsarkviet BORA. Derifrå vil kven som helst kunne laste ned boka gratis.

Forskar i afrikansk helsekvardag

William Howlett har samarbeidd med UiB heilt sidan forskarar ved Senter for internasjonal helse kom til sjukehuset ved Kilimanjaro for å studere utviklinga av aids-epidemien i Tanzania. Howlett hadde då i fleire år som klinikar samla systematiske data om sjukdomen. Saman med ein kollega gjorde han dei første karakteriseringane av hiv-viruset i Tanzania. Han og kona kunne også sette UiB-forskarane i samband med lokale nettverk og ressurspersonar.

– Han har ei fagleg breidde og kapasitet som gjorde inntrykk på oss, og vi såg dessutan at han sat med så mykje data at det nesten berre var å skrive det ut til ein doktorgrad. Vi inviterte han til Bergen, og her forsvarte han seinare doktorgraden basert på møtet hans med hiv-epidemien, seier Rune Nilsen, instituttleiar ved Senter for internasjonal helse.

Sidan har UiB hatt stor glede av samarbeidet med Howlett, og til hausten blir “Neurology in Africa” publisert.

 

SAMLA DATA: Som klinikar samla William Howlett nok systematiske data kring aids-epidemien til å ta doktorgraden basert på dette. No publiserer han bok med UiB som forleggar.

SAMLA DATA: Som klinikar samla William Howlett nok systematiske data kring aids-epidemien til å ta doktorgraden basert på dette. No publiserer han bok med UiB som forleggar. Foto: Privat

Illustrasjon frå boka: Ellinor Moldeklev Hoff/ Foto-og tegneseksjonen, UiB

Illustrasjon frå boka: Ellinor Moldeklev Hoff/ Foto-og tegneseksjonen, UiB

En storkeinvasjon preger Hubro 2-2011, som blir utgitt i dag.

Artikkelen er henta frå Hubro 2-2011, som kom ut i byrjinga av mai. Abonnementet er gratis, sjå www.uib.no/hubro

Sist endret: 30.5.2011

  • Link til hubro
  • Link til På høyden