Kjemisk forskingsfest
Forskningsdagane 2011 fokuserer på kjemi og dei store spørsmåla.
Også i år vert det Forskningstorg på Festplassen. Foto: Marianne Røsvik
Forskningsdagane i Bergen 23. september til 2. oktober byr på Forsker grand prix, Kunnskapsfest, forskningstorg, skuleprosjekt, museumsdag, filmvisningar, foredrag, debattar og seminar.
2011 er FN sitt internasjonale kjemiår. Hovudtemaet for årets festival er kjemi.
- Men det er i ordets vidaste tyding. Me vil visa ulike tolkingar av kjemi, seier Jørgen Flint, leiar for Forskningsdagane i Bergen.
Kjemi på matfatet
Til dømes kjem ein av dei mange stasjonane på Forskingstorget til å ta opp kjemien mellom lærar og elev, medan andre tek opp den meir tradisjonelle oppfattinga av kjemi: Kjemien på sjømatstallerkenen.
Flint understrekar at det trass kjemitemaet er eit stort spenn i kva ein kan tilby i år.
- Me har ei ny satsing på føredrag. På laurdagen kjem me til å ha tre arenaer med føredrag rundt Lille Lungegårdsvann, desse er retta mot eit vaksnare publikum, seier han.
På biblioteket vert det tolv føredrag på fire timar, innlegga vert nødvendigvis korte og populærvitskaplege, forklarer Flint. På Cafe Sanaa i Marken skal forskarar møta publikum over ein kaffikopp under temaet Verden i Bergen.
Sist, men ikkje minst skal til saman åtte forskarar ta opp dei store spørsmåla i to forskarsamtalar: Verden i endring og Aldri frisk nok.
Formidlingsfulltreffar
I fjor vart Forsker grand prix arrangert for første gong. Bergen var den første byen som arrangerte konkurransen om å verta den beste formidlaren.
No er ti kandidatar i full ferd med oppladinga til årets Grand Prix.
- Forsker grand prix var ein fulltreffar både ovafor publikum og forskarane, seier Flint om suksessen frå i fjor.
Suksessen har også inspirert andre byar til å arrangera sine Grand Prix, og det vert dermed nasjonal finale på Den Nationale Scene i Bergen, søndag den 2. oktober.
Akademisk brubygging
- Forskningsdagane byggjer bru mellom forskarar og publikum. Dei får alt det spanande som skjer ved UiB og andre forskingsinstitusjonar i Bergen ut til publikum. Det er veldig konkrete og spanande emne me tek opp, og folk får stilt nysgjerrigheita si, seier Flint.
Han seier at Universitetet i Bergen speler ei viktig rolle for Forskningsdagene.
- UiB er den største bidragsytaren til festivalen, og viser att i heile programmet, seier leiaren for Forskningsdagene.
Sist endret: 31.8.2011
Tema
-
Fremragende forskning
Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.
Gå til tema Se alle tema
UiB i media
- - Hvem vil bli hardest rammet av havstigningen? (25.05.13)
- Fører Regjeringen Stortinget igjen bak lyset? (25.05.13)
- Digitale skilje i skulekvardagen (25.05.13)
- Bioteknologinemnda etterlyser betre GMO-forsking (25.05.13)
- De har gått ned 71 kilo (24.05.13)
Flere aktuelle saker
- Disputas - Heidi Kjennbakken (24.05.2013)
- PhD defence - Heidi Kjennbakken (24.05.2013)
- PhD on Track - verktøy for ph.d.-kandidater (24.05.2013)
- Help at hand for schizophrenics (24.05.2013)
- Friske som hører stemmer skal hjelpe syke (23.05.2013)

