Gå til innhold
English A A A
01.09.2011 Gjesteførelesing

Borten Moe til UiB

Olje- og energiminister Ola Borten Moe vitjar Universitetet i Bergen. Ministeren skal mellom anna førelesa om sitt syn på forsking og fornybar energi.

Tysdag 6. september klokka 11.00 føreles olje- og energiminister Ola Borten Moe i Auditorium 2 på Dragefjellet ved Universitetet i Bergen. Ministeren si gjesteførelesing er open for alle, og er i regi av Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

I førelesinga kjem Borten Moe til å ta opp kva oljeindustrien tyder for Noreg, behovet for fornybar energi og kva rolle forskinga har.

-  Det er alltid hyggelig å få besøk av fagstatsrådar som er interesserte i det som står i vår utdannings- og forskningsportefølje, seier dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Dag Rune Olsen.

Vil visa seg fram

Han skulle gjerne hatt ministeren på eit lengre besøk.

- Eg skulle gjerne ha vist fram det me kan tilby innan olje- og petroleumsforsking, og ikkje minst det me kan tilby innan forsking på fornybar energi. Eg skal nytta høvet til å invitera Borten Moe tilbake til oss ved eit anna høve, seier dekanen.

Han trekk særleg fram Centre for Integrated Petroleum Research (CIPR), som er det einaste norske senteret for fremragende forskning (SFF) innan petroleumsforskning som noko han gjerne syner Borten Moe.

 Borten Moe skal altså førelesa om norsk oljeindusti, fornybar energi og forsking i løpet av sin 45 minutt.

- Eg håpar me får eit lite innblikk i Borten Moe sitt syn på dei felta som vedører oss, seier Dag Rune Olsen.

Open for spørsmål

Etter førelesinga vert det opna for spørsmål frå salen. Dag Rune Olsen har sine spørsmål klare:

- Eg vil gjerne ha svar på korleis han ser på forskinga si rolle i dei framtidige utfordringane me står ovafor. Skal me fokusera på korleis me skal auka utvinningane av olje? Korleis kan forskinga bidra til å løfta feltet fornybar energi?

Då Borten Moe sin forgjengar Terje Riis-Johansen vitja UiB møtte mange studentar og tilsette opp.

- Eg håpar me får ein tilsvarande seanse denne gongen. Då var statsråden svært begeistra over engasjementet hjå dei frammøtte, seier dekan Dag Rune Olsen.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe besøkjer UiB på tysdag.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe besøkjer UiB. Foto: Berit Roald/Scanpix

Dekan Dag Rune Olsen trekk fram Sars-senteret som ein av UiB sine styrker innan bioteknologisk forsking.

Dekan Dag Rune Olsen kjem til å invitera Ola Borten Moe til MatNat på ny. Foto: Jens Helleland Ådnanes

Sist endret: 1.9.2011

  • Link til hubro
  • Link til På høyden