Gå til innhold
English A A A
15.09.2011 Forskingsdagane 2011

Ladar opp til Forsker grand prix

Deltakarane ligg i hardtrening før Bergensfinalen i Forsker grand prix. Fem av dei er frå UiB.

Fredag den 23. september skal  ti stipendiatar konkurrera om å verta den beste forskingsformidlaren i Bergen. Ved å presentera forskinga si i løpet av nokre korte minutt skal dei vinna både publikum og eit ekspertpanel sin gunst.

Deltakarane er plukka ut fleire månadar i forveien. For å førebu seg til formidlingsholmgangen har dei vore gjennom grundig kursing og rettleiing. Fem av deltakarane er frå UiB.

Les meir om UiB sine kandidatar her.

Fleire av dei andre deltakarane er tilknytta UiB, men er påmelde frå andre institusjonar.

Les om alle kandidatane her.

Trente i teatersport

Skodespelar Tormod Løvold har undervist i teatersport som eit virkemiddel i formidlinga, og stipendiatane har hatt individuelle timar med kommunikasjonsrådgevarar for å læra seg teknikkar for å legga fram forskinga på ein appellerande måte.

Paleontolog Jørn Hurum har ausa av sine erfaringar frå forsking, formidling og møtet med media. I 2009 presenterte Hurum eit 47 millionar år gamalt fossil, Ida. Fossilet er verdas eldste kjende apeskjelett, og vart skildra som ”the missing link” i pressa.

Inspirerte av Ida

I si inspirasjonsførelesing fortalde Hurum om korleis han planla mediestrategien då han skulle presentera Ida. Det var mellom anna viktig at han formidla ein vitskapleg prosess, og ikkje la fram eit ferdig resultat. Hurum fortalde mellom anna at han er oppteken av å bruka vanlige ord i formidlinga av kompleks forsking.

- Om ein seksåring eller mora di ikkje forstår deg har du tapt, sa han til Grand prix-deltakarane.

Ida og Hurum fekk stor mediedekning på verdsbasis. Google endra logoen sin til ære for Ida.

 Hurum trur sjølv at eit arrangement som Forsker grand prix tener ei god forskingsformidling.

- Det er ålreit å havna i ein sånn situasjon der du verkeleg blir trent i formidling. Ein lærer seg å spissa bodskapet, seier Hurum til uib.no etter førelesinga.

Frøy Gudbrandsen er ein av dei fem som skal representera UiB i Forsker grand prix.

-  Eg er samd i tankane Hurum har om formidling,  at ein bør fortelja om det ein forskar på. Men at eg kjem i same situasjon som han er vel ikkje heilt sannsynleg, seier Gudbrandsen som forskar på innvandringspolitikk i Skandinavia.

Formidling med suksess

Då Forskningsdagene i Bergen arrangerte Forsker grand prix for første gong i fjor vart det ein suksess. I år skal Forsker grand prix arrangerast i Bergen, Trondheim, Oslo, Stavanger og Tromsø, med ein nasjonal finale i Bergen. Det er Norges forskningsråd som er vertskap for den nasjonale finalen.

I år er alle billettane rivne vekk i løpet av svært kort tid.

- Det fortel meg at dette er eit svært populært arrangement. Det gjekk ikkje så raskt unna i fjor, seier Jørgen Flint, leiar for Forskningsdagene i Bergen.

Det er framleis ikkje for seint å få med seg forskarar med ei ny tilnærming til formidling. Billettane til den nasjonale finalen søndag 2. oktober på Den nasjonale scene er mogelege å få tak i.

- Då kan ein vera med og heia fram to deltakarar frå Bergen, seier Flint.

Forsker grand prix er eitt av fleire arrangement du kan få med deg på Forskingsdagane 2011.

I tillegg står Kunnskapsfest, forskningstorg, skoleprosjekter, museumsdag, filmvisninger, foredrag, debattar og seminar på programmet.

 

Sjå UiB sine bidrag til Forskingsdagane her.

Les heile programmet her.

 

Forskningsdagene er en nasjonal festival, i regi av Norges Forskningsråd. I Bergen jobbar fleire forskningsinstitusjonar samen om Forskningsdagene. Les meir på Forskingsdagane i Bergen sine eigne heimesider.

Grand Prix

Forsker grand prix nærmar seg, 23. september skal kandidatane i elden.

Caroline Serck-Hanssen

Caroline Serck-Hanssen forskar på korleis det norske monarkiet er framstilt i offisiell kunst. Foto: Marianne Røsvik

Frøy Gudbrandsen

Frøy Gudbrandsen forskar på korleis innvandringspolitikken i Skandinavia vert styrt politisk og korleis media dekker temaet. Foto: Marianne Røsvik

Thomas Gjesteland

Thomas Gjesteland forskar på energetisk gammastråling som kjem frå tordenskyer. Foto: Marianne Røsvik

Kristine Sunde Fauske

Kristine Sunde Fauske forskar på sosial organisasjon og nasjonalstatsdiskurs i Republikken Vanuatu . Foto: Marianne Røsvik

Marte Jürgensen

Marte Jürgensen på korleis ein kan få fleire til å testa seg for HIV i Zambia. Foto: Marianne Røsvik

- Vel deg ei historie av gongen og bruk ikkje faguttrykk, er Jørn Hurum sitt beste tips til deltakarane i Forsker grand prix.

- Vel deg ei historie av gongen og bruk ikkje faguttrykk, er Jørn Hurum sitt beste tips til deltakarane i Forsker grand prix. Foto: Jens Helleland Ådnanes

Sist endret: 15.9.2011

  • Link til hubro
  • Link til På høyden