Gå til innhold
English A A A
20.10.2011 Medisin

Kan løysa ME-gåta

To legar ved UiB og Haukeland universitetssjukehus har gjort store framsteg mot ei løysing på ME-gåta. Medisin gjer at to av tre med kronisk utmattingssyndrom vert betre.

- Vi ser heilt klare effekter. Det er håp, seier professor og avdelingsoverlege ved kreftavdelingen ved Haukeland universitetssykehus, Olav Mella, til TV 2 Nyhetene.

Saman med overlege på kreftavdelingen på Haukeland sykehus, Øystein Fluge, la han onsdag fram ein forskingsrapport i det medisinske tidsskriftet PLOS one. Dei to legane har utført forsøk på 30 ME-pasientar. Halvparten av pasientane fekk placebo, medan 15 fekk kreftmedisinen Rituximab.

Forsøka viser at kreftmedisinen har svært god effekt på ME-sjuke, skriv TV2. Ifølgje TV2 kjenner to av tre pasientar seg betre, medan andre vert friske.

Hovedsymptoma  for kronisk utmattingssyndrom er sjukeleg utmatting og sjukdomskjensle etter fysisk aktivitet, som ikkje går over etter kvile.

Forskarane meiner ME er en autoimmun sjukdom, skriv På Høyden.  Ein autoimmun sjukdom gjer at kroppen sitt immunforsvar går til åtak på eige vev.

Mella og Fluge seier til TV2 at funna kan vera det første steget på vegen mot å finna ein kur for ME og kanskje også å stilla diagnosen rett.

- Vi skal finna ei behandling, men det kan enda gå år før dette kan verta eit tilbod til alle pasientar med denne sjukdommen, seier Mella til TV2.

 

ME eller Kronisk utmattingssyndrom gjer mellom anna at dei det rammer kjenner seg utmatta og sjuke etter fyfsik aktivitet. Årsakene til sjukdommen er omstridde, og det finst ikkje nokon kur for syndromet i det offisielle helsevesenet.

ME eller Kronisk utmattingssyndrom gjer mellom anna at dei det rammer kjenner seg utmatta og sjuke etter fyfsik aktivitet. Årsakene til sjukdommen er omstridde, og det finst ikkje nokon kur for syndromet i det offisielle helsevesenet. Foto: colourbox.com

Sist endret: 26.10.2011

Tema

  • Link til hubro
  • Link til På høyden