Konferanse i presang
Universitetet i Oslo feirer 200 år i år. Universitetet i Bergen gjev ei noko uvanleg gåve til jubilanten.
- Dette er ei gåve som er kjekt å få og kjekt å gi, seier Sigmund Grønmo, rektor ved Universitetet i Bergen.
Gåva han snakkar om er Dannelseskonferansen 2011, som samlar forskarar, studentar og andre deltakarar i Oslo den 8. november. Saman skal dei sjå nærare på universiteta si helsetilstand i byrjinga av det 21. århundret og diskutera kva universitetet bør vera.
Her kan du melda deg på konferansen.
Rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottesen, er glad for gåva frå universitetet i vest.
- Dette er ei gåve me har store forventningar til, og som me trur vil ha stor inspirasjonskraft, seier Ottersen til uib.no.
Markerer akademiske tradisjonar
- Når det eldste universitetet i Noreg fyller 200, er det ei viktig markering av dei akademiske tradisjonane i Noreg generelt. Tydinga av danning er heilt sentral for universiteta, saman med utvikling av kompetanse og fagkunnskapane knytta til dei ulike faga. Konferansen skal vera ei drøfting av danning – både i fortida, notida og framtida, seier Grønmo.
Dei to rektorkollegaene skal mellom anna delta i ein paneldebatt, saman med Roger Strand frå UiB, Merle Jacobs frå Lunds Universitet, samt forskar Silvio Funtowics.
Les sak om Dannelseskonferansen på UiO sine sider:
Studentene skal lære mer enn fag
Krav om kvantitative mål
Ottersen er samd med Grønmo i at danning er eit viktig tema å ta opp.
- Vi ser eit aukande press på universiteta i retning av kvantitative mål, krav om å produsera studiepoeng, publikasjonspoeng og doktorgrader og om å klatra på rangeringar.
Samstundes skal universiteta ivareta oppgåver som ikkje er så lett å måla, meiner Ottersen. Studentane ved norske universitet skal vera kritiske og etisk reflekterte.
- Danning kan ikkje realiserast gjennom eit kunnskaps- og kompetansekrav åleine. Å ha eit pensum og sikra kompetanse er sjølvsagt viktig, men vi kan ikkje vedta oss fram til større refleksjon og vidsyn, seier Ottersen.
Berit Rokne, prorektor ved UiB, sit i Dannelsesutvalget. Også ho meiner konferansen tek opp eit viktig tema for universiteta.
- Universitetet si aktivitet er tufta på forskningsuniversitetet sine akademiske verdiar. I dette ligg nyfiken søkjing, kritisk refleksjon og saklig dialog for å strekke seg etter ny innsikt, forståing og akademisk danning. Dei verdiane universitetet bygger på inneber at universiteta reflekterer over sin rolle i samfunnet. Universiteta skal stå for forskingsbasert utdanning der refleksjon, som ein del av kunnskapsutviklinga, er ein føresetnad, ikke minst i lys av dei utfordringane vi står overfor i dag, relatert til klima, helse og velferd, seier Rokne.
- Spesiell gåve
Grønmo meiner dei to universiteta har mykje til felles.
- Vi er båe internasjonalt orienterte, har stor breidde og er forskingsuniversitet. Det er gledeleg for UiB som det nest eldste universitetet å overrekkja ei slik gåve til det eldste, seier han.
- Gjennom "Dannelsesutvalget" samarbeider UiO og UiB om å halda diskusjonen om akademisk danning levande. Det er difor eit flott høve til å markera dette i samband med UiO sitt 200 års- jubileum, seier Rokne.
Ottersen, på si side, gleder seg til å få gåva.
- Dette er nok ein av dei meir spesielle gåvene me får. Det er ei gåve me har vore direkte involverte i, sidan prorektor sit i Dannelsesutvalget som har stått bak programmet, seier Ottersen.
Sist endret: 8.11.2011
Kalender - det skjer!
I dag
- 09.30 Holbergdagene: Musikkens virkning; Fra gresk antikk til 1800-tallet.
- 10.00 Religion and Transatlantic Working Careers, 1850–1940
- 10.15 Vitenskapsteoretisk innlegg. Christian Hervik Bull
- 11.15 GFI/BCCR Seminar: The roles of methane in Atmospheric Chemistry and Climate
- 14.00 IT-kurs okt., nov. og des. 2012
Tema
-
Fremragende forskning
Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.
Gå til tema Se alle tema
UiB i media
- 44 millioner til nye havbruksprosjekter (03.12.12)
- Forhindrer ulykker til sjøs - fra land (03.12.12)
- Et speil inn i slektshistorien (02.12.12)
- Ingen vei tilbake for sommerisen over Nordpolen (02.12.12)
- Her er en tannlege med tannlegeskrekk (02.12.12)
Flere aktuelle saker
- Nye bøker på vei til Bibliotek for samfunnsvitenskap (03.12.2012)
- ESfO conference in Bergen (02.12.2012)
- New books for November 2012, Science Library (01.12.2012)
- Nye realfagsbøker i november 2012 (01.12.2012)
- Comparing Higher Education policies in Europe (30.11.2012)

