Gå til innhold
English A A A
26.10.2011 Investering i databasar

Millionar til språk og biologi

Norges forskningsråd fordeler 400 millionar til investeringar i forskningsutstyr. UiB får 75 millionar til to store databasar.

Bioinformatikk-plattformen Elixir.no,  utvikla ved Institutt for informatikk, får 50 millionar kroner. Språkdatabasen Clarino ved Det humanistiske fakultet og Uni Digital får 25 millionar, skriv På Høyden.

Elixir.no skal sørgja for at forskarar, forvaltning og industri i Europa får tilgang til databasar og kan dra nytte av molekylærbiologiske data frå heile verda, og det er UiB som leier prosjektet.

Universitetet i Bergen skal også ha koordineringsansvar for CLARINO som inkluderer alle aktuelle språkvitskaplige forskingsmiljøa i Noreg. CLARINO er den norske delen av det internasjonale prosjektet CLARIN, ifølgje Forskningsrådet. Prosjektet kal byggja opp ein felles infrastruktur for norske språkdatabasar som på si side skal koplast opp mot europeiske databasar. Infrastrukturen vil få stor tyding for humaniora og gi forskarar tilgong til eit mangfald av språkdatabasar, skriv Forskingsrådet.

I alt får elleve nye infrastrukturprosjekter i Noreg grønt lys av Forskningsrådet til å realisere utstyrsinvesteringer for 400 millioner kroner.

Penger

Bergensbaserte forskingsmiljø fekk i alt 170 millionar av potten på 400 millionar kroner frå Forskningsrådet. Foto: Colourbox

Sist endret: 27.10.2011

  • Link til hubro
  • Link til På høyden