Gå til innhold
English A A A
06.10.2011 Statsbudsjettet 2012

UiB om statsbudsjettet 2012: Satsar på kvalitet trass stramt budsjett

- Med dette stramme budsjettet treng vi handlingsrom til å prioritere fagleg kvalitet slik at vi framleis kan sørge for framifrå forsking og gode utdanningsløp, seier rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo.

Forslaget til statsbudsjett 2012 er lagt fram. Rektor Sigmund Grønmo konstaterer at det er eit budsjett utan vesentlige kutt.

- Det er derimot ingen vesentleg vekst heller. Eg tar dette til etterretning, seier Grønmo til uib.no.

 - Det strategiske hovudgrepet vårt  er å prioritera best mogeleg fagleg kvalitet innafor dei budsjettrammene vi har. Med eit stramt budsjett blir det særleg viktig at universitetet har autonomi til å satse på høg kvalitet, seier Grønmo.

Forskingsfondet nedlagt

Forskningsfondet vert nedlagt. Fondet vart etablert i 1999, og skal finansiera langsiktig, grunnleggjande forsking med vekt på kvalitetshevande tiltak, og er på 80 milliardar kroner.

- Det er positivt at regjeringa legg opp til å kompensera for avkastninga frå fondet gjennom andre midlar på statsbudsjettet. Det er også positivt at regjeringa ser ut til å vidareføra den opprinnelege intensjonen med forskingsfondet, med særlig vekt på å støtte fri og grunnleggjande forsking, seier Grønmo.

Årsaka til nedleggjinga er den synkande renta, som gjer at inntektene frå fondet vil synka med 650 millionar kroner dei neste ti åra, i følgje Aftenposten.

Grønmo ser ikkje på avviklinga av fondet som dramatisk.

- Ikkje så lenge bortfallet vert kompensert og intensjonen vert fulgt opp. Med tanke på eit langsiktig perspektiv på forsking var det svært viktig at fondet vart oppretta. Rentenedgangen synleggjer at fondet er sårbart, slik at effekten med tanke på langsiktig finansiering blir svekka.

Fellesløft for fri forsking

- Eg er også glad for at regjeringa tar utfordringa frå universiteta om å få til eit fellesløft for fri og grunnleggjande forsking ved å auka midlane til fri prosjektstøtte i Forskningsrådet, sjølv om auken er mindre enn universiteta la opp til.

Fellesløftet er eit felles initiativ frå Forskningsrådet og universiteta, der universiteta forplikter seg til å bruke til sammen 119 millioner per år til fri prosjektstøtte om staten aukar si løyving til Forskingsrådet med eit like stort beløp.  

1000 nye studentbustader

Statsbudsjettet inneheld forslag om 1000 nye studentbustader.

- Dette er positivt, seier Grønmo.

Regjeringa har sørga for ein god del nye bustader for studentane i dei sienare pra, men eg er samd med studentorganisasjonane i at det trengst fleire bustader, ikkje minst her i Bergen.

Gåveforsterkingsordninga vert avvikla

- Eg er overraska over at regjeringa foreslår å avvikla gåveforsterkingsordninga.  Ordninga inneber at staten plussar på 25 prosent ekstra på visse pengegåver til universiteta, seier rektor.

- Denne ordninga har vore nyttig for UiB, og vi må no sjå nærare på kva dette vil bety framover, legg han til.

Langsiktig satsing i nedgangstider

Statsbudsjettet 2012 står i samsvar med Grønmo sine forventningar. Det er ikkje berre universiteta som får strammare rammer. 

- Det er eit stramt budsjett heilt generelt. Eg hadde ikkje store forventningar til budsjettet i år, utfrå dei signala me har fått.

Det er nedgangstider i Europa. Det gjer det viktig å satsa på menneskelege ressursar, meiner rektor.

- Det er ei problematisk tid for statsfinansane i Europa.  Det er vel verd å investera i kunnskap og kompetanse og kunnskap i slike tider. Noreg, som klarar seg betre enn størstedelen av Europa, bør utnytta det handlingsrommet me har til å satsa på kunnskap og kompetanse. Det vil få stor effekt i tiåra framover, er Grønmo sin appell til regjeringa når det gjeld framtidige satsingar.

Rektor Sigmund Grønmo meiner Universitetet i Bergen kan fortsetja å satsa på kvalitet og kompetanse innafor budsjettrammene statsbudsjettet 2012 legg. Det krever eit størst mogeleg handlingsrom.

Rektor Sigmund Grønmo meiner Universitetet i Bergen kan fortsetja å satsa på kvalitet og kompetanse innafor budsjettrammene statsbudsjettet 2012 legg. Det krever eit størst mogeleg handlingsrom. Foto: Jens Helleland Ådnanes

Sist endret: 6.10.2011

  • Link til hubro
  • Link til På høyden