Forsking for framtida
Korleis kan forskinga vera med å løysa dei utfordringane me står ovafor? Somme svar ligg 4000 meter under havet.
Konferansen Forskningsuniversitetet og globale utfordringer vil visa korleis og kvifor den frie og grunnleggjande forskinga kan møta dei globale utfordringane. Konferansen er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Kunnskapsdepartementet, og vert opna av Tora Aasland, forskings- og høgare utdanningsminister.
Konferansen skal presentera gode døme på grunnleggjande forsking som kan vera viktige i møte med ulike utfordringar. Rolf-Birger Pedersen leiar Senter for Geobiologi og utforskar djuphava, jorda si urtid og korleis livet oppsto. Pedersen vil føredra om korleis djupdykk i havet kan gi grunnleggjande kunnskap.
- Grunnforskinga vår studerer liv i ekstreme miljø. Me ser til dømes på vulkanar og mikrobiologi, og reaksjonar mellom bergartar og vatn. I djuphavet er alt kopla tett saman, endringar skjer hurtig og intenst. Me studerer dette for å utvikla faget, sprenga nye grenser. Det er slik grunnforskinga fungerer, seier Pedersen til uib.no.
Sprenger grenser
Prorektor ved UiB, Berit Rokne, meiner universitetet har eit ansvar for å driva grunnforsking, og peiker på det som eit av bidraga til samfunnet.
- Grunnforsking kan bidra til å sprenga grenser for eksisterande kunnskap og etablerte sanningar. Dei globale utfordringane me møter i dag krever nysgjerrigheitsdriven forsking som kan vera med på å skapa ny forståing og løysing på problema, seier ho.
Pedersen nemner CO2-lagring som eitt av felta der Senter for Geobiologi sine kunnskapar er i ferd med å verta viktige. Forskinga deira har studert korleis naturlige CO2-lekkasjar i havbotnen artar seg og kva konsekvensar dette kan få.
- Når ein no ynskjer ei rask løysing på CO2-lagring kan resultat fra grunnforsking fylla viktige kunnskapshol, seier Pedersen.
Lagring av CO2 på havbotnen er i ferd med å verta prøvd ut industrielt, mellom anna av Statoil, fortel Pedersen.
- Tanken er at det skal vera ein av fleire måtar å lagra CO2 på. Det er spanande for oss å sjå at den kunnskapen me har generert kan verta realisert, seier han.
Synleggjer grunnforsking
Grunnforskinga legg grunnlaget for vidare forsking. Det kan ofte ta lang tid før ein ser direkte resultat. Pedersen trur konferansen kan bidra til å synliggjera grunnforskinga.
- Det er ofte ein lang veg å gå frå ein etablerer ny kunnskap til ein kan setja kunnskapen ut i praksis. Det er lett for at ein gløymer tydinga av grunnforsking, men den er heilt fundamental for universiteta, utdanninga og i å skapa meir kunnskap.
Rokne meiner UiB kan vera med å løysa globale utfordringar ved legga godt til rette for at dei tilsette kan driva framifrå grunnleggende forskning.
- Fleire av våre forskingsmiljø er i dag leiande innan område som omhandlar globale utfordringer slik som helse, klima og velferd, seier ho.
Senter for Geobiologi er eitt av fire Senter for fremragende forskning (SFF) ved UiB. SFF-statusen har sørga for langsiktige midler til senteret.
- Midlane har vore heilt avgjerande for vår forsking i ekstreme miljø og i djuphava. Utan midlane kunne me ikkje gjort dette, og hadde vore utan sjanse til å markera oss internasjonalt slik me gjer i dag, seier Pedersen.
Sist endret: 23.11.2011
Kalender - det skjer!
I dag
- 00.00 PC-kurs i april - mai- juni
- 11.15 GFI/BCCR Seminar: Multiyear predictions of the North Atlantic/European variability - the impact of increased ocean model resolution
- 13.00 ''Story Telling & Visualization'' - Prøveforelesning ved Åsmund Birkeland
- 13.15 Seminarserie om Bruno Latour: 6., 13. og 27. mai, Senter for Vitskapsteori, Allegt. 34, kl 13:15-15
- 14.15 Gjesteforelesning, FoF med Igal Kvart
Tema
-
Fremragende forskning
Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.
Gå til tema Se alle tema
UiB i media
- La brunskogsneglene stoppe seg selv (21.05.13)
- Her er ti krav fra Siv (21.05.13)
- I disse norske byene kan havet synke (21.05.13)
- Campingfolket mest lønnsomme (21.05.13)
- Det er midt på natten. Carl Henrik Berge våkner av at det er tungt å puste. Hendene skjelver. (20.05.13)
Flere aktuelle saker
- Professor Paul G. Roness (1951-2013) (21.05.2013)
- Kunngjøring av kandidatliste til fakultetsstyrevalg (21.05.2013)
- Ønsker tydeligere reglement for ansettelser (21.05.2013)
- Paul G. Roness 1951-2013 (21.05.2013)
- Nye bøker på vei til Bibliotek for samfunnsvitenskap (21.05.2013)

