Gå til innhold
English A A A
06.12.2011 Artikkel frå Hubro 3/2011

Lovverket inn i heimen

Vald i nære relasjonar er rekna som kriminelt i dag. Kun for nokre generasjonar sidan vart det sett på som husbråk eller ein del av barneoppsedinga. Staten har gripe inn i det som tidlegare var rekna som privat.

I tidlegare generasjonar var som oftast ikkje det som skjedde innafor familiens fire veggar noko det offentlege greip inn i. Det var meir vanleg å sjå på til dømes fysisk avstraffing som ein del av barneoppsedinga. I dag er vald i familien sett på som noko forkasteleg.

Det er også eit juridisk og strafferettsleg spørsmål.

«Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld òg når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet. Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode» heiter det i Barnelova §30 om foreldreansvaret. Paragrafen vart vedteken i 2005 og endra i 2010.

Dei siste ti åra har problemstillingar rundt vald i nære relasjonar kome på dagsordenen. Den offentlege utredninga «Retten til et liv uten vold» vart til dømes publisert i 2003 og i 2005 vart eit vedtak som tar direkte sikte på vald i nære relasjoner innført med paragraf 219 i Straffeloven. Straffa for vald i nære relasjonar vart også skjerpa gjennom praksis.

– Slik markerte ein kor alvorlig ein ser på familievald, seier Linda Gröning.

Gröning er postdoktor på Det juridiske fakultet og har og har nylig byrja eit artikkelprosjekt om familievald og vald i nære relasjonar, som en del av eit mer omfattande prosjekt om strafferettssystemet sin funksjonalitet og prinsippstruktur.

Verdiar skapar vern

– Strafferetten tar eit steg inn i den private sfæra. Tidlegare har det vore slik at det som skjedde innafor heimens fire veggar var i stor grad var privat, dels noko ein aksepterte som til dømes oppfostring, dels noko som ein i stor grad lukka augo for, seier Linda Gröning.

Steget inn i det private har skjedd gradvis. Gröning meiner det stadig aukande fokuset på vald i nære relasjonar som kriminelt kan setjast i samanheng med det rettslige grunn- laget som vart lagt etter 2. verdskrig. Etter dei store overgrepa som vart gjort mot minoritetar byrja ein å sjå behovet for å verna svake grupper. Desse verdiane kjem til uttrykk både politisk, juridisk og i verdisetta til folk flest.

Ålmenn rasjonalitet

Det er ei viss konflikt mellom hensynet til den private sfæra, med familien i sentrum og inngrepet til strafferetten, meiner Gröning.

– Strafferetten er trass alt samfunnet sitt ytterste verkemiddel og strafferetten må i utgangspunkt vera varsame med å trø inn i den private sfæra, det bør berre skje når det er andre interesser som veg tyngre. Vernet mot vald i nære relasjonar eit tydelig uttrykk for ei slik tungt vegande interesse. Det har utvikla seg ein ålmenn rasjonalitet som også har etablert seg i retten: alle har den same verdien, også kvinner og barn, seier Gröning.

Ho legg til at for å kunne ivareta og sikra viktige verdiar har såleis distinksjonen mellom det private og det offentlege vorte meir nyansert.

Nulltoleranse for vald

Personleg meiner Gröning det skal vera nulltoleranse for vald i nære relasjonar og seier at strafferetten gjer rett i å gripa inn når vald i familien førekjem.

– Men dette er eit svært følsomt område, meir komplekst enn mange andre formar for kriminalitet. Barn vil gjerne vera lojale ovafor foreldre, straff kan ha negative sider også ovafor ofra i slike saker. Difor meiner eg at det er svært viktig å først og fremst arbeida førebyggjande, gjennom skule, helsevesen og sosiale tenester. Helst skal strafferetten aldri måtta gripa inn mot vald i nære relasjonar, seier Gröning.

Artikkelen er henta frå Hubro nummer 3/2011. Tema for nummeret er rettsliggjering av samfunnet. Du kan lese heile magasinet på nett.

BARNEMISHANDLING: Filmen «Engelen» fra 2009, av Margreth Olin, handlar mellom anna om mishandling av barn.

BARNEMISHANDLING: Filmen «Engelen» fra 2009, av Margreth Olin, handlar mellom anna om mishandling av barn. Foto: Speranza Film AS

FØLSAMT OMRÅDE: Strafferetten må vere varsam med å trø inn i det private, meiner postdoktor Linda Grøning

FØLSAMT OMRÅDE: Strafferetten må vere varsam med å trø inn i det private, meiner postdoktor Linda Grøning Foto: Jens Ådnanes

Hubro 3/2011 har rettsliggjøringen av samfunnet som tema.

Hubro 3/2011 har rettsliggjøringen av samfunnet som tema.

Sist endret: 6.12.2011

  • Link til hubro
  • Link til På høyden