Gå til innhold
English A A A
12.01.2012 Artikkel i Nature Communications

Fann unike felt

Fem kilometer under havoverflata i Karibien har ei forskargruppe funne kjelder som sprutar ut 450 grader varmt vatn.

Rolf Birger Pedersen frå Senter for geobiologi ved UiB har saman med ei internasjonal gruppe funne to unike hydrotermale felt. Resultata er publiserte i Nature Communications. Forskargruppa fann området i Caymangrøfta i Karibien.

Vatnet som held 450 grader vert strålt kring ein kilometer opp.  I følgje forskarane sin artikkel i Nature Communications er dette dei djupaste og varmaste kjeldene som er funne.

Les artikkelen her.

Trass i varmt vatn og lite oksygen i vatnet finst det små koloniar av liv i feltet, mellom anna reker og anemoner. Dei lever av enorme koloniar av bakteriar.

- I motsetning til organismar som lever av fotosyntese, overlever desse bakteriane ved hjelp av kjemosyntese. Dei forbruker energi frå jordas indre og gjev livsgrunnlaget til høgareståande liv, seier Rolf Birger Pedersen i ein artikkel i Dagbladet.

Andre organismar rundt, som skalldyr eller anemoner, kan anten eta bakteriane direkte, eller inngå symbiosar og dyrka bakteriane inni eller utapå kroppen for å få tilført energi, skriv Dagbladet.

Det var på eit tokt på skipet RRS James Cook våren 2010 at ein fant dei to felta. Ved hjelp av fjernstyret undevassfarkostar fann ein dei to felta som vert kalla Beebe og Von Damm, skriv Senter for geobiologi på sine nettsider.

 

Leiar for Senter for Geobiologi, Rolf-Birger Pedersen, er ein av dei som held innlegg på konferansen Forskningsuniversitetet ig globale utfordringer.

Leiar for Senter for Geobiologi, Rolf-Birger Pedersen, deltok i forskarteamet som fann felta. Foto: Jens Helleland Ådnanes

Sist endret: 12.1.2012

  • Link til hubro
  • Link til På høyden