Gå til innhold
English A A A
11.01.2012 Marin forsking

Ny marin strategi

All marin forsking skal få ein samla strategi. Bergen er den marine hovudstaden og bør bli høyrt i prosessen.

Det meiner Dag Rune Olsen, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen. Den 6. januar  kom han med sine innspel til Hav21, som skal utarbeida ein samla FoU-strategi for den marine forskinga. Strategien skal vera til støtte for både forskingsmiljø, næringsliv og forvalting, og skal vera eit innspel til ei ny forskingsmelding for marin sektor.

Les meir på Hav21 sine nettsider.

Tydelig marin profil

- Me bør fortelja politikarane at me er den marine hovudstaden i Noreg. UiB  har ein svært tydelig profil på både marin- og klimaforsking. Bergen er ein viktig aktør inanan marin forsking, i tillegg til UiB kan me mellom anna visa til Havforskningsinstituttet og Nansensenteret, seier Olsen til uib.no.

Hav21-møtet i Bergen samla over hundre forskarar og andre aktørar på det marine feltet. I sitt innspel peika dekan Olsen på tal frå NIFU-STEP som viser at UiB ligg over verdssnittet når det gjeld siteringar innan klima og marin.

Olsen oppmoda i tillegg til å tenkja utover norske grenser når det gjeld marin forsking.

- Hav er eit kopla system, marin forsking kan ikkje berre knyttast til den norske sonen, seier han til uib.no.

Grunnforsking som grunnmur

Olsen framheva i tillegg grunnforskinga som grunnmuren for marin forsking. Olsen slo eit slag for å bruka omgrepet translasjonsforsking inn i det marine feltet. Translasjonsforskning er henta frå medisinsk forsking og legg vekt på å byggja bru mellom grunnforsking og klinisk forsking, frå basalfaga til praktisk bruk.

- Me må ha den frie og gode grunnforskinga for å utvikla kunnskap og  nyttiggjera kunnskapen, seier han til uib.no.

Hav21 vert gjennomført som ein open prosess der alle kan koma med innspel og påverka resultatet. Arbeidet vert avslutta i til hausten.

- Det er på tide med meir merksemd til det marine feltet. Hav er ein så viktig ressurs for Noreg at ein treng ei eiga satsing, sa Lars Horn, leiar av sekretariatet for Hav21 til dei frammøtte.

Ny klimasatsing

Norsk klimaforsking skal også gjennom ein prosess som skal leia til vidare satsing. Forskingsrådet sitt tiårige program Klimaendringer og konsekvenser for Norge er over i 2013, og ein planlegg ei vidare satsing. Forskingsrådet inviterer til dialog med forskingsinstitusjonar og næringsliv. 12. januar vert det halde møte i Bergen. Temaet for mltet vert forskingsbehov, organisering og rammer for framtidig klimaforsking, i følgje Forskingsrådet.

Hav21

Hav21 er ein forskingsstrategi for å fremja god forvalting av det marine miljøet og næringsutvikling basert på berekraftige forvaltingsprinsipp. Hav21 peiker på kva utfordringer og muligheiter marin sektor står ovafor og kvar det trengst ny kunnskap for å finne gode løysingar.

Hav21 skal utarbeida ein samla FoU-strategi for all marin forskning. Strategien vil vera eit viktig innspel i prosessane for å utarbeida ein ny stortingsmelding for marin sektor, og i arbeidet med å utvikla det felleseuropeiske forskingsinitiativet JPI Oceans.

Det er Fiskeri- og kystdepartementet som er oppdragsgjevar for Hav21 på vegne av Regjeringa og involverte departement. Forskningsrådet har fått i oppdrag å vera sekretariat og ansvarlig for å gjennomføra prosjektet, som starta hausten 2011 og skal vera ferdig innan oktober 2012.


Dekan Dag Rune Olsen trekk fram Sars-senteret som ein av UiB sine styrker innan bioteknologisk forsking.

Dekan Dag Rune Olsen meiner Bergen er den marine hovudstaden i Noreg. Foto: Jens Helleland Ådnanes

Sist endret: 11.1.2012

  • Link til hubro
  • Link til På høyden