Gå til innhold
English A A A
30.07.2012 Nyhet

Heidrar Eikeland

Tore Eikeland vart drepen på Utøya den 22. juli i fjor. Den 14. august vert han heidra med ei minneplate ved Universitetet i Bergen.

Tore Eikeland

AUF-politikar Tore Eikeland vart drepen på Utøya 22. juli i fjor. Den 14. august vert minnet hans heidra med ei minneplate ved Universitetet i Bergen Foto: Arbeiderpartiet

Eikeland var politikar og leiar for AUF Hordaland. Han studerte Samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Etter forslag frå NTL vil UiB heidra minnet om Tore Eikeland med ei minneplate. Minneplata skal plasserast i midtsøyla på Studentsenteret, og den skal avdukast den 14. august klokka 15.

Avduking av minneplate for Tore Eikeland.

­– Dette vert ein verdig måte å markera Tore Eikeland på. Han var den av våre studentar som vart drepen på Utøya. Med minneplata vil vi også markera solidaritet og støtte både til etterlatte og ofre, samt dei verdiane som vart angripne den 22. juli, seier Sigmund Grønmo, rektor ved UiB.    

Her kan du lesa Grønmo sitt minneord ved Tore Eikeland si gravferd 5. august 2011.

Statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen skal avduka minneplata. Arrangement er opent for alle. Familie av Eikeland, representantar frå studentorganisasjonar, NTL, LO,  Arbeiderpartiet, AUF og det politiske miljøet elles er spesielt inviterte. Frode Grytten skal lesa ”Eit dikt for dei unge”.

Tore Eikeland vert skildra som ein svært engasjert og talentfull ungdomspolitikar. Engasjementet viste seg også i studenttilværet til Eikeland, fortel rektor.

– Eg har snakka med mange som kjende han. Dei fortel om ein person som inspirerte andre med engasjementet og humoren sin, som hadde ei stor evne til å begeistra. Han kombinerte engasjementet sitt med faget han studerte, og var eit føredøme for andre og eit godt eksempel på kva me ynskjer oss av studentar ved Universitetet i Bergen, seier rektor.   

Sist endret: 22.8.2012

Tema

  • Fremragende forskning

    Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.

    Gå til tema Se alle tema
  • Link til hubro
  • Link til På høyden