Det store klimapuslespelet
På Bjerknessenteret for klimaforsking jobbar over 100 forskarar med å utforska klimaet – i fortid, notid og framtid. Senteret sitt tiårsjubileum blir markert 3.-6. september.
TIDSREISANDE I KLIMA: Forskarane Camille Li og Bjørg Risebrobakken på taket til Bjerknessenteret for klimaforsking, der dei to jobbar med å finne svara om klimaet i framtida. Foto: Eivind Senneset
Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR) feirar ti år i 2012, og dette blir markert 3.-6. september. Det har etablert seg som det største naturvitskaplege klimasenteret i Norden. Eystein Jansen er forskingsleiar ved Bjerknessenteret, og var ein av dei som var tungt involvert i opprettinga av senteret i 2002. I dag har senteret over 100 forskarar i den vitskaplege staben, rundt halvparten av dei kjem frå utanfor Noreg.
– Bjerknessenteret har i løpet av ti år fått ei stor vitskapleg anerkjenning. Ikkje mindre viktig er det at me også har oppnådd anerkjenning i samfunnet og utafor forskingskretsane. Me hentar fram kunnskap som er til nytte. Det har alltid vore eit mål for oss å vera relevante, og me er det gjennom grunnforskinga vår. Klimaet er ei stor utfordring for verda, og målet vårt er først og fremst å auka forståinga rundt temaet, seier Jansen.
Eit klima-dream team
Han fortel om den høge kvaliteten på publiseringane til Bjerknessenteret, og satsar på å nå fram i anerkjente publikasjonar – 37 i 2011 – framfor å publisera i store mengder. Senteret hadde fleire forfattarar med i den førre IPCC-rapporten enn nokon annan nordisk institusjon, og var ein av fire europeiske senter som leverte klimasimuleringar til rapporten.
Kva er det som gjer at forskinga ved Bjerknes held så høg kvalitet?
– Det er folka her. Vi likar rett og slett å jobba samen. Vi har stor breidde mellom oss, det gjer at forskinga kjem lenger. Forskinga vi driv med krev tunge team med svært ulike kompetansar frå ulike fagfelt, seier han.
Styrke gjennom ulikskap
Eit døme på eit godt samansett team er geolog Bjørg Risebrobakken og Camille Li, førsteamanuensis i storskala atmosfæresirkulasjon. Saman leier dei det fireårige prosjektet DYNAWARM: Dynamics of Past Warm Climates ved Senter for klimadynamikk (SKD), ein avleggjar av Bjerknessenteret som vart opna i 2011. Deira ulike faglige tilnærmingar utfyller kvarandre.
Camille Li er opphavleg fysikar, men bestemte seg for å gå djupare inn i vitskap om atmosfæren etter at ho tok bachelor-graden. Ho har jobba ved Uni Research og Bjerknessenteret i rundt eitt år, og før det vore tilknytt UiB i tre år. Ho valde Bjerknes mykje på grunn av ekspertisen rundt paleoklimatologi. Det tverrfaglege aspektet var også viktig for Li.
– Det er stor entusiasme og ekspertise ved SKD og Bjerknessenteret. Det er ei blanding av folk frå ulike fagfelt og arbeidet som gjeres for å sikra god samhandling er meir enn verdt innsatsen, seier ho.
Ho meiner den tverrfaglige måten å jobba på er unik for Bjerknesenteret.
– Eg har arbeida på andre prosjekt som har freista å arbeida på tvers av fagfelt. Eg tykkjer Eystein har skapt eit miljø der samarbeid mellom folk frå ulike fagfelt fungerer utruleg godt. Han såg tidleg at denne blandinga av folk er den retninga klimaforskinga må ta i framtida, meiner Li.
Også Bjørg Risebrobakken ser på den tverrfaglege profilen ved Bjerknessenteret og i DYNAWARM-prosjektet som ein styrke for forskinga.
– Vi har sett saman eit team med ulike kompetansar som kan sjå ting frå fleire vinklar og gi oss eit større bilete, seier ho.
Flodhesttenner og palmetre i Arktis
Ved å henta ut søyler av sediment frå havbotnen får forskarane vita meir om korleis klimaet har endra seg gjennom tidene. Alt tyder på at det i det store og heile har vore kaldt, men dei kalde periodane har vore avbrotne av varme, særlig i polare strøk.
– Det er funne fossile restar av skog i Arktis og flodhesttenner i arktisk Canada. Situasjonen må ha vore heilt annleis enn i dag, seier Risebrobakken.
Målet med prosjektet er å forstå kva som driv fram epokar med varme klima og ei auka forståing av samspelet mellom atmosfære, hav og kryosfære. Det er mange faktorar som skapar endringar, til dømes havnivået, solinnstråling kombinert med drivhusgassar i atmosfæren og tektoniske endringar, ifølgje Risebrobakken.
Fortid fortel om framtid
Desse kunnskapane om framtidsklimaet er heilt avgjerande for å forstå klimaprosessar og samanhengar mellom fortid, notid og framtid og for å skilja naturlige variasjonar frå menneskeskapte klimaendringar. Bjerknessenteret er internasjonalt anerkjent for forskinga på fortidsklimaet.
– Nett no aukar temperaturen i atmosfæren i eit ekstrem høgt tempo. Sist gong det var så høge CO2-verdiar i atmosfæren var for 2,5 til 3 millionar år sidan. Det å sjå på klimaet i fortida kan gje oss svara på kva framtida vil bringe, meiner Li.
– Kva vil skje om den globale temperaturen stig med 3 gradar? Forskinga vår gir oss innsikt i langsiktige prosessar og vi kan sjå korleis klimaet var i ei tid då den globale temperaturen faktisk var 3 gradar høgare enn i dag. Det er ikkje berre utruleg spennande å jobba med dette, men òg svært viktig. Det er eit puslespel, der vi finn små bitar her og der for å setja det saman til eit stort bilete, seier Risebrobakken.
Denne artikkelen sto opphavleg på trykk på engelsk i Hubro international edition 2012/2013.
Sist endret: 12.9.2012
Kalender - det skjer!
I dag
- 09.30 Holbergdagene: Musikkens virkning; Fra gresk antikk til 1800-tallet.
- 10.00 Religion and Transatlantic Working Careers, 1850–1940
- 10.15 Vitenskapsteoretisk innlegg. Christian Hervik Bull
- 11.15 GFI/BCCR Seminar: The roles of methane in Atmospheric Chemistry and Climate
- 14.00 IT-kurs okt., nov. og des. 2012
Tema
-
Fremragende forskning
Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.
Gå til tema Se alle tema
UiB i media
- Forhindrer ulykker til sjøs - fra land (03.12.12)
- Et speil inn i slektshistorien (02.12.12)
- Ingen vei tilbake for sommerisen over Nordpolen (02.12.12)
- Her er en tannlege med tannlegeskrekk (02.12.12)
- - Import av sykepleiere er ikke vinn-vinn (01.12.12)
Flere aktuelle saker
- ESfO conference in Bergen (02.12.2012)
- New books for November 2012, Science Library (01.12.2012)
- Nye realfagsbøker i november 2012 (01.12.2012)
- Comparing Higher Education policies in Europe (30.11.2012)
- All set for Chinese studies (30.11.2012)

