Gå til innhold
English A A A
04.09.2012 Bjerknessenteret jubilerer

Ti år i bresjen

Det er ti år sidan Bjerknessenteret vart ein SFF (Senter for fremragende forskning).

Eystein Jansen

Eystein Jansen, direktør for Bjerknessenteret ynksjer velkomen. Foto: Eivind Senneset

– Ikkje ti år eldre, men ti år betre, sa Camilla Schreiner, avdelingsdirektør for klima ved Forskningsrådet i si helsing til jubilanten Bjerknessenteret.

Det er ti år sidan Bjerknessenteret vart ein av dei 13 første Senter for fremragende forskning, ei ordning Forskningsrådet satte i gang for å stimulere norske forskingsmiljø til å etablere langsiktig og grunnleggande forsking på høgt internasjonalt nivå. Målet var å heve kvaliteten på norsk forsking.

Les også: Det store klimapuslespelet

– I løpet av dei ti åra har Bjerknessenteret vakse bemerkelsesverdig, under den sterke leiinga til Eystein Jansen. De har vore med på å gjere publium merksame på kor viktig klima er i dag. De går no inn i eit nytt tiår, og eg gledar meg til å samarbeide vidare med dykk, helste Cecilie Mauritzen, direktør ved Cicero under opninga.

Fire partnarar held fram

Dei fire partnarane UiB, Uni research, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet har saman bidratt til Bjerknessenteret som i dag husar hundre forskarar frå desse fire institusjonane.

– Statusen som SFF går ut den 30. November, men Bjerknessenteret vil halde fram samarbeidet mellom dei fire partnarane også i tida framover. Me vil no bruke denne muligheten til å sjå nærare på det me har oppnådd over dei ti åra, når me no går over i ein ny situasjon og organisasjon, sa direktør Eystein Jansen i sin opningstale.

Presenterer siste klimaforsking

Til fanfare frå musikarar frå Harmonien, opna jubileumskonferansen ”Climate Change in High Latitudes” i dag. Konferansen samlar over 200 klimaforskarar frå inn og utland i Grieghallen.

I løpet av dei kommande tre dagane skal forskane presentere si siste forsking innan dei ulike aspekt av klima, frå isen i arktis og antarktis, til havforsuring, karbonkretsløpet, klimamodellering og konsekvensar i økosystemet.

– I dag feirer me at Bjerknessenteret er viktig til så mange fleire enn sine partnarar. Senteret er i tet på deira felt, og har bevist deira posisjon gjennom fleire evalueringar, viktige vitskaplege bidrag og resultat som har fått internasjonal merksemd. UiB er svært stolte over å vere ein partnar i Bjerknessenteret, sa prorektor Berit Rokne då ho offisielt erklærte konferansen for opna.

Camilla Shreiner, direktør for Klimadivisjonen hos Forskningsrådet.

Camilla Shreiner, direktør for Klimadivisjonen hos Forskningsrådet. Foto: Eivind Senneset

Prorektor Berit Rokne

– Bjerknessenteret er eit eksempel å følge når det kjem til formidling av forskingsresultat, sa prorektor Berit Rokne i sin tale. Foto: Eivind Senneset

Sist endret: 17.9.2012

Tema

  • Fremragende forskning

    Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.

    Gå til tema Se alle tema
  • Link til hubro
  • Link til På høyden