Gå til innhold
English A A A
04.10.2012 Rangering

Mest sitert i landet

Universitetet i Bergen si forsking vert stadig oftare sitert. Times Higher Education si rangering stadfestar trenden, seier rektor Sigmund Grønmo.

Times Higher Education

UiB scorer høgast på siteringar i landet, i følgje Times Higher Education si rangering Foto: THE

Som uib.no tidlegare har skrive vert forsking frå Universitetet i Bergen (UiB) stadig meir sitert. QS-rangeringa, som vart lansert i september viste at UiB var på 64. plass over dei mest siterte universiteta.Times Higher Education (THE) publiserer kvart år si rangering over dei beste universiteta i verda, og deira tal frå det siste året viser i likskap med QS-rangeringa ei auke i siteringar.

Sjå lista her.

Mest sitert i landet

- Dette stadfester at vi gjer det svært godt på siteringar,  det skal vi vera stolta over. Det viser at det er kvalitet over forskinga vår og at forskarane våre når ut med forskinga si, seier Sigmund Grønmo, rektor ved UiB.  

THE måler universiteta etter fem kategoriar, mellom anna siteringar, eller forskingspåverknad. Ved førre rangering i 2011 vart UiB sin score 65,2 innan siteringar, medan talet aukar til 66,2 i år. Dermed får UiB høgast score i Noreg når det gjeld siteringar.

UiB utmerkar seg også innan den internasjonale kategorien ”International outlook” med ein poengsum på 71 av 100 mogelege. Talet er det beste i Noreg, og plasserer UiB som nummer 162 på verdsbasis, sjølv om poengsummen var noko høgare i fjor.

Feilrapportering slår ut

Trass i svært gode tal med omsyn til forskingssiteringar endar UiB lenger nede på lista enn tidlegare år. Medan UiB i fjor vart rangert som det 191. beste universitetet i verda, er ein i år på 228. plass. Alle dei norske universiteta går tilbake på årets THE-rangering.   

-  For UiB skuldast denne tilbakegangen ei feil rapportering av studenttal, der det er registrert alt for mange studentar til både THE- og QS-rangeringa. Dette er sjølvsagt beklageleg, men vi skal sørge for at rapporteringa blir rett til rangeringane neste år, seier rektor. 

UiB sin tilbakegang på THE-rangeringa skuldast feil rapportering av studenttal, seier Rektor Sigmund Grønmo. No vil han sørgja for at rapporteringa vert rett til neste gong dei beste universiteta i verda skal rangerast.

UiB sin tilbakegang på THE-rangeringa skuldast feil rapportering av studenttal, seier Rektor Sigmund Grønmo. No vil han sørgja for at rapporteringa vert rett til neste gong dei beste universiteta i verda skal rangerast. Foto: Eivind Senneset

Sist endret: 10.10.2012

Tema

  • Fremragende forskning

    Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.

    Gå til tema Se alle tema
  • Link til hubro
  • Link til På høyden