Superstipend til romforsking
Romforsking ved Universitetet i Bergen vert tildelt eit av dei mest prestisjetunge stipenda i Europa. Nikolai Østgaard skal leita etter gammaglimt i tordenskyer.
Gammaglimta er røntgen- og gammastrålar og oppstår i tordenvêr. Nikolai Østgaard skal jakta på glimta. Foto: Colourbox
- Dette vil gi oss musklar til å skaffa heilt nye og spanande data, seier Nikolai Østgaard, professor i romfysikk ved Universitetet i Bergen. Han legg til at fem års finansiering vil gi pengar til naudsynt ingeniørkapasitet og kunna løna ei mindre gruppe forskarar.
Denne veka har han fått beskjed om at søknaden om støtte frå det Europeiske Forskingsrådet er tilrådd innvilga, og er innkalla til kontraktsforhandlingar. ERC Advanced Grants er eit av dei mest ettertrakta stipenda i Europa, og skal støtta leiande etablerte forskarar i verdsklasse. Søknader til Advanced Grants skal ha ei imponerande '10 year track record' og ein veldokumentert leiarskapsprofil. Frå før har fem forskingsprosjekt ved UiB fått Advanced Grants.
Forskar i tordenskyer
Prosjektet som får det høgthengande stipendet er knytta til jakta på jordiske gammaglimt. Gammaglimta er røntgen- og gammastrålar og oppstår i tordenvêr. Elektrisk lada partikler flyg i lysfart når det lynar og tordnar. For nokre år sidan vart det målt både relativistiske elektronar og antimaterie frå desse fenomenena.
- Her er svært mykje ukjent, me veit ikkje eingong kor ofte disse fenomena skjer, kanskje i kvart einaste lyn, og då snakkar vi om 45 gongar per sekund på vår planet, seier Østgaard.
For å jakta på gammaglimta er gruppa til Østgaard i ferd med å byggja eit stort røntgeninstrument som skal sendast til den internasjonal romstasjon og ein deltek i eit ballongprosjekt over Sentral-Amerika. I tilegg planlegg ein ein flykampanje over tordenskyene. Dette kan finansieringa frå ERC bidra til å setja ut i livet, fortel Østgaard.
Les også: Jakter på romkoblingen
Skapar kontinuitet
Støtta frå ERC Advanced Grants utgjer opp til 2,5 millionar euro eller kring 18 millionar kroner.
- Dette vil gi oss ein tryggleik og kontinuitet dei neste fem åra, seir Østgaard.
Gruppa hans er for tida i ein søknadsprosess for å verta eit Senter for Framifrå Forsking (SFF). Østgaard ser ikkje bort frå at ERC-støtta kan gagna SFF-søknaden.
- Eitt av krava for å verta SFF er at ein skal vera i stand til å henta ressursar frå europeiske støtteordningar. ERC er eit bevis på at me er i stand til det, trur Østgaard.
- Positivt for UiB
Universitetet i Bergen til å bidra med ekstra 25 prosent av summen, seier rektor Sigmund Grønmo, som gratulerer Østgaard på det varmaste.
- Det er ei satsing på kvalitet som gir utteljinga her. Ei slik løyving er stort for heile UiB, og vi ynskjer Østgaard lukke til med arbeidet.
Sist endret: 22.10.2012
Kalender - det skjer!
I dag
- 09.30 Holbergdagene: Musikkens virkning; Fra gresk antikk til 1800-tallet.
- 10.00 Religion and Transatlantic Working Careers, 1850–1940
- 10.15 Vitenskapsteoretisk innlegg. Christian Hervik Bull
- 11.15 GFI/BCCR Seminar: The roles of methane in Atmospheric Chemistry and Climate
- 14.00 IT-kurs okt., nov. og des. 2012
Tema
-
Fremragende forskning
Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.
Gå til tema Se alle tema
UiB i media
- Forhindrer ulykker til sjøs - fra land (03.12.12)
- Et speil inn i slektshistorien (02.12.12)
- Ingen vei tilbake for sommerisen over Nordpolen (02.12.12)
- Her er en tannlege med tannlegeskrekk (02.12.12)
- - Import av sykepleiere er ikke vinn-vinn (01.12.12)
Flere aktuelle saker
- ESfO conference in Bergen (02.12.2012)
- New books for November 2012, Science Library (01.12.2012)
- Nye realfagsbøker i november 2012 (01.12.2012)
- Comparing Higher Education policies in Europe (30.11.2012)
- All set for Chinese studies (30.11.2012)

