- Meir forsking på nett
Forskarane ved UiB kan gjera internett betre, meiner Ida Jackson.
Wikipedia og andre internettbaserte encyclopedia kan oppdaterast av alle. Foto: Jens Helleland Ådnanes
Språkrådet vil at norske forskarar skal nå ut med gode tekstar og driva god formidling på norsk. ”Ut med språket!” er seminar som skal gi inspirera norske universitets- og høgskuletilsatte til å skriva på godt norsk for eit stort publikum og til å reflektera over forskinga sin plass i Noreg. I Egget på Studentsenteret fortalde føredragshaldarane om sine forhold til det å skriva og formidla.
Det unge norske internettet
- Internett er løysinga, sa Ida Jackson, bloggar og informasjonssjef og nettansvarleg i Store norske leksikon.
Ho skildra den norske delen av internett som ganske ungt og med mindre innhald samanlikna med til dømes amerikansk. Det manglande innhaldet fører til at det ikkje finnest vitskaplege kjelder vedrørande viktig informasjon, og eit søk på Google leier fort til kjelder som er langt frå ekspertar.
- Finst det ikkje på Google, så finst det ikkje, sa Jackson.
Det kan norske forskarar endra på, ved hjelp av ein intensiv oppdatering av til dømes Wikipedia og Store Norske Leksikon, meinte Jackson.
- Redd internett frå rasistane og fjortenåringane, var hennar oppmoding til bergensforskarane.
Forskarar må på nett
- Søk på nettet er søk etter kunnskap, det er viktig at forskarane er på nett, seier Rune Haagensen, ein av tilhøyrarane av seminaret i Egget.
Haagensen trur det kan vera ei viss motstand mot å publisera forsking i ny kanalar.
- For mange er nok det trykte ordet og dei anerkjente tidsskrifta det aller viktigaste. Haken ved det er at ein berre når ein kjent krets, seier han.
Sist endret: 6.11.2012
Kalender - det skjer!
I dag
- 09.30 Holbergdagene: Musikkens virkning; Fra gresk antikk til 1800-tallet.
- 10.00 Religion and Transatlantic Working Careers, 1850–1940
- 10.15 Vitenskapsteoretisk innlegg. Christian Hervik Bull
- 11.15 GFI/BCCR Seminar: The roles of methane in Atmospheric Chemistry and Climate
- 14.00 IT-kurs okt., nov. og des. 2012
Tema
-
Fremragende forskning
Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.
Gå til tema Se alle tema
UiB i media
- Et speil inn i slektshistorien (02.12.12)
- Ingen vei tilbake for sommerisen over Nordpolen (02.12.12)
- Her er en tannlege med tannlegeskrekk (02.12.12)
- - Import av sykepleiere er ikke vinn-vinn (01.12.12)
- Er det skadelig å utsette mensen med p-piller? (01.12.12)
Flere aktuelle saker
- ESfO conference in Bergen (02.12.2012)
- New books for November 2012, Science Library (01.12.2012)
- Nye realfagsbøker i november 2012 (01.12.2012)
- Comparing Higher Education policies in Europe (30.11.2012)
- All set for Chinese studies (30.11.2012)

