Gå til innhold
English A A A
01.02.2010 Nyhet

Nye bacheloremne frå og med våren 2010

Frå og med våren 2010 vert det tilbydd heilt nye emne i bachelorprogrammet i sosialantropologi. Bakgrunnen for omlegginga er ei evaluering av undervisningstilbodet for studentane som tar denne spesialiseringa, og behovet for å legge til rette for betre integrasjon og samanheng i studiet. Studentane som byrja på bachelorprogrammet hausten 2009 vil vere dei første studentane som får prøve ut den nye gradssamansettinga.

Den nye ordninga innebere ein overgang til eit fastlagt, integrert studieopplegg beståande av seks obligatoriske 15 -poengs emne. Instituttet ønskjer med dette å gi studentane ein meir einskapleg fagleg kompetanse og større moglegheit til å fordjupe seg i faget. I tillegg kjem det eit nytt innføringsemne på 10 studiepoeng, SANT100 Invitasjon til sosialantropologi.

Dei seks emna som er obligatoriske i den nye graden er:

SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv
SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi
SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon
SANT105 Maktas uttrykk og løyning
SANT215 Komparativ regional etnografi
SANT260 Bacheloroppgåve


For studentane på bachelorprogrammet i utviklingsstudier har instituttet i samarbeid med CMI utvikla eit eige kurs: 10-poengs emnet SANT220 Anthropology, intervention and development. Kurset vil gå kvar vår og omhandle korleis antropologien kan brukast i arbeid med utviklingsproblematikk. Undervisninga på kurset vil gå på engelsk.

Ved anledning vil det også bli tilbydd eit 5-poengs emne som tar utgangspunkt i forskinga som blir gjort av dei vitskapeleg tilsette ved instituttet. Kurset gir både lokale og tilreisande studentar moglegheit til å bli kjende med nyare forsking og metode. Våren 2010 blir tema islam i Søraust-Europa ved førsteamanuensis Tone Bringa.

Frå og med våren 2010 vil det berre bli undervist i desse nye emna. Dei fire emna på 100-nivå vil bli undervist anna kvart semester, mens emna på 200-nivå normalt vil ha undervisning kvar vår.

Spørsmål vedrørande den nye ordninga kan rettast til studierettleiar Hilde Marie Rognås, hilde.rognas@sosantr.uib.no .

Bachelorgraden for studentane som byrjar hausten 2009 kan sjå slik ut:

SANT102

15 sp

SANT103

15 sp

Frie studiepoeng/utveksling 30 sp

Frie studiepoeng/utveksling 30 sp

SANT104

15 sp

SANT105

15sp.

SANT 102

15 sp.

SANT103

15 sp

SANT100

10 sp

Ex.phil.

10 sp

Ex.fac.

10 sp

Graden består av følgjande element:

- 30 sp innføring
- 90 sp spesialisering
- 60 frie studiepoeng

 

Sist endret: 1.2.2010