Vårbløming, krokus, narsisser
26.03.2010

Mildekrokusen i blom til påske

På tross av ein uvanlig lang vinter, har Mildekrokus stått klar til å skyte opp av jorda så snart den vart snøfri. No kan du nytta høvet til å få oppleve eit blomehav i og rundt Gamlehagen på Milde.

Cyclamen-narciss

Cyclamen-narsiss (Narcissus cyclamineus)i Hatlehaugen, er truleg den einaste ”påskelilje” som rekk å bløme til påske.
Foto: 
Alf Helge Søyland

Berre eit par soltimar vil vere nok til å opne dei tusenvis av blå krokus som no står klar til å openberra vårens fyrste store attraksjon på Milde. Dette er ca 20 dagar seinare enn det som har vore vanleg dei siste åra.

Mest krokus finn de innafor den flotte muren som omkransar det gamle herregodset som no er Fana Folkehøgskule. Kortast veg vil vere frå busstoppet på Milde, eller frå bilparkering ved Båthavna i Mildevågen.

 

Vårlyngen i lynghagen bak Blondehuset står også klar med blom. I Naustdalen er dei vanlege påskeliljene på veg, men kjem antakeleg ikkje i blom til årets påske.

 

Frostskader på Rhododendron og anna vintergrønt

Den langvarige vinteren med til dels uvant låge temperaturar har sett sine tydelege spor på ein del vintergrøne vekstar som stakk over snødekke. Slike vinterskadar gjer viktig kunnskap om kor herdig nye planteslag er. Derfor vil me gartnarar bruke først ein del tid på registrering av dette, før me fjernar vekk uttørka greiner og busker.